Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Workshop - Verdiskaping med Copilot og Microsoft 365

Inviro, i samarbeid med Merethe Stave frå CloudWay, inviterar til ein lærerik og aktiv workshop knytt til Copilot og Microsoft 365

03.02.2026

09:00 - 14:00

Stokkenes Gjestegard

 

 

Om Kurshaldar:

Merethe Stave er Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay, og Microsoft MVP innen Microsoft 365 Copilot og Microsoft Viva. Ho har over 15 års erfaring med Microsoft-teknologi og brenn for å hjelpe organisasjonar med å byggje solide, moderne arbeidsplassar gjennom kompetanseutvikling, brukaradopsjon og delingskultur.

Ho har fleire sentrale verv, blant anna i Norwegian Microsoft Tech Community og IT Forum Vest, og engasjerer seg sterkt i Women in Norwegian Microsoft Tech Community og Employee Experience Community – der ho jobbar for å inspirere fleire jenter til å velje teknologi som karriere.

Merethe er ein internasjonal foredragshaldar og anerkjend fagleiar, kjend for sitt arbeid med inkluderande teknologikultur og innovasjon i moderne arbeidsliv.

Formål:
Workshop’en gir deltakarane innsikt, praktisk erfaring og strategiske verktøy for å ta gode val og sikre verdiskaping med Copilot og Microsoft 365. Vi kombinerer teori, praktiske øvingar og diskusjonar for å styrke digital kompetanse og etablere ein felles forståing av moglegheiter og utfordringar.

Ta med teamet

Vi tilrår at du som leiar tek med deg 2–5 personar frå eiga verksemd. Gjennom kurset jobbar de saman i gruppe for å lage ein konkret slagplan og aktivitetar som gir framdrift etter kurset. Slik sikrar de at læringa blir forankra og sett ut i livet i eiga verksemd.

Målgruppe:
Leiarar, prosjektansvarlege og nøkkelpersonar som skal bidra til innføring og bruk av Copilot og Microsoft 365 i organisasjonen.

Kva får de med dykk?
• Auka digital kompetanse og tryggleik i leiarrolla og teamet
• Praktiske verktøy og sjekklister for struktur og tryggleik
• Konkrete døme og handlingsplan for å ta i bruk Copilot, samt få meir ut av Microsoft 365, i eiga verksemd

Agenda for dagen

09:00 – 09:30 | Velkomst og introduksjon

  • Presentasjon av mål og forventningar
  • Korleis kan du sikre struktur, tryggleik og effektivitet, og kvifor er det viktig å handle no

09:30 – 10:00 | Del 1: Oversikt og strategi

  • Kva er Copilot og korleis fungerer det i Microsoft 365?
  • Gevinstar, risikofaktorar og endringsbehov
  • Diskusjon: Korleis ser suksess ut for oss?

10:00 – 10:10 | Pause

10:10 – 11:00 | Del 2: Praktisk bruk og god praksis

  • Demonstrasjon av Copilot i Office-verktøy, Teams og SharePoint
  • Hands-on øvingar i grupper
  • Tips for struktur og orden i Microsoft 365

11:00 – 11:30 | Lunsj

11:30 – 13:30 | Gruppearbeid

Del 3: Kultur og endringsleiing

  • Korleis skape ein berekraftig digital kultur
  • Roller og ansvar i innføringsprosessen
  • Case-diskusjonar frå deltakarane

Del 4: Planlegging og neste steg

  • Utarbeiding av handlingsplan for eigen organisasjon
  • Identifisering av nøkkeltiltak og tidslinje

13:30 – 13:40 | Pause

13:40 – 14:00 | Oppsummering og avslutning

  • Deling av hovudpunkt
  • Spørsmål og svar

Utbytte for deltakarane:

  • Forstå korleis Copilot og Microsoft 365 kan skape verdi
  • Praktiske ferdigheiter og verktøy
  • Konkrete tiltak for å starte eller styrke innføringa

Pris: (Pris: 3550,- per deltakar)

Påmeldingsfrist 29.01.26 (Ved avbestilling etter 29.01.26 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
12.12.2025

Scroll top

Opp