StudieHub er eit studiesenter som legg til rette for livslang læring i alle kommunane i Nordfjord og Sunnfjord.
I perioden 2020 til 2022 arbeida Inviro AS med eit prosjekt med tittelen «StudieHub-modellen». Målsettinga her var å få etablert eit studiesenter og ein struktur der «StudieHub», via fleksibel og desentralisert utdanning, kan bidra til å dekke nokre av kompetansebehova i Nordfjord- og Sunnfjordregionen på kort og på lang sikt.
Hausten 2022 fekk StudieHub – Fjordane Studiesenter (SFS), via Inviro AS, status som det fyrste studiesenteret i Vestland. I 2024 er det til saman 31 studiesenter i Noreg, og no er vi fire studiesenter i Vestland.
Sidan april 2023 har studiesenteret vore i full drift, med Øystein Nes (50 %) som dagleg leiar og Kari Eldby Rygg (100 %) som leiar av studiesenteret. Studiesenteret sine aktivitetar og tilbod har nedslagsfelt i alle fem kommunane i Nordfjord samt Sunnfjord kommune, men vi har også studentar frå andre nærliggande kommuner.
I all hovudsak arbeider StudieHub med å legge til rette for høgare utdanning til personar som er i arbeid i regionen og som ønskjer å ta ei utdanning medan dei er i arbeid. I dag har vi, i Nordfjord og Sunnfjord, omlag 150 studentar som er knytt til StudieHub
StudieHub er regionens pådrivar for kompetanseutvikling basert på lokale behov.
StudieHub skal dekke lokale kompetansebehov og skal vere motoren som utviklar og driv fram eit sterkt kunnskaps- og kompetansemiljø i Nordfjord og Sunnfjord. Dette ved å mekle fram og tilby utdanningstilbod, mobilisere deltakarar, etablere møteplassar for studentar samt å støtte deltakarane mens dei tar fleksible og desentraliserte utdanningar frå regionen.
Oxford Research beskriv eit studiesenter som ein aktør som legg til rette for fleksibel og desentralisert utdanning og ulike kompetansehevande aktivitetar i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og utdanningstilbydarar. Studiesentera har ingen formell plass i utdanningssystemet og er ikkje sjølv tilbydar av utdanningar. Studiesenteret samarbeider med universitet, høgskular og fagskular for å realisere utdanningstilbod som kan leverast med studiesentera som plattform og møteplass.
Nordfjord og Sunnfjord-regionen, basert på næringane vi har her, vil ha eit stort behov for kompetanse i åra som kjem. Vi skil oss ikkje frå resten av landet, og vi vil ha store framtidige behov i mellom anna helsesektoren, industri, lærar, barnehagetilsette, ingeniørar, IKT-sektor mfl. Samstudens er det viktig både for studentane og privat og offentleg næringsliv å ha eit lokalt selskap som kan informere, mobilisere og vere navet i region vår knytt til fleksibel og desentralisert utdanning.
Dei fire studiesentrera i Vestland har gått saman i strukturen "SIV - Studiesentera i Vestland".
Til saman dekkjer SIV 23 kommunar og i overkant av 158.000 innbyggjarar.
HVK studiesenter: HVK Studiesenter til rette for desentralisert etter- og vidareutdanning, og ulike kompetansehevande aktivitetar i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og utdanningstilbydarar.
Nedslagsfelt: Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss.
Studiesenteret Kysten: Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på Kysten av Fjordane i Vestland.
Nedslagsfelt: Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger
Sogn Kompetanse: Sogn Kompetanse jobbar for at bedriftene i Sogn skal få heve kompetansenivået til sine tilsette.
Nedslagsfelt: Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Luster
Ønskjer du å lese meir / booke plass på ei av våre gratis studentstover i Nordfjord? Trykk på knappen under.
Opp