Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Lokal kompetanseutvikling med Inviro

Via Kompetanse i Fjordane skal Inviro tilby kompetanseutvikling i tråd med behova i regionen

Kompetanse i Fjordane

Lokal kompetanseutvikling med Inviro

Kompetanse og kompetanseutvikling er blant dei mest etterspurde tenestene hos Inviro.

Kunnskap er avgjerande og skapar verdi – både for enkeltpersonar og for private og offentlege verksemder.

Kompetanse i Fjordane

Dei siste åra har vi hatt over 800 deltakarar årleg på våre kurs, og etterspurnaden aukar stadig. For å møte behovet har vi tilsett Ida som prosjektleiar for Kompetanse i Fjordane, med eit klart mål: å bli den største kursaktøren i Nordfjord.

Kva kan vi tilby?

✔ Full organisering – Vi tek hand om alt frå A til Å, slik at du berre treng å forholde deg til ein aktør.

✔ Lokal kompetanseheving – Kurs med same kvalitet som i større byar, men utan reiseveg og overnatting.

✔ Rimelegare alternativ – Du sparer både tid og pengar samanlikna med kurs i storbyane.

✔ Berekraftig val – Mindre reising betyr lågare klimaavtrykk.

✔ Sterkare nettverk – Vi knyter saman aktørar i regionen med felles kompetansebehov.

Slik fungerer det:

1️⃣ Du eller di bedrift har eit kompetansebehov.

2️⃣ Du tek kontakt med Inviro og fortel oss kva de treng.

3️⃣ Vi undersøker om andre verksemder har same behov.

4️⃣ Vi finn og bookar ein kvalifisert kurshaldar.

5️⃣ Vi tek oss av all administrasjon og oppfølging.

6️⃣ De melder dykk på – og møter opp på kursdagen. Så enkelt!

📌 Merk: Inviro må minimum få dekka våre kostnader for gjennomføring.

Høgare utdanning? I 2022 etablerte Inviro det første studiesenteret i Vestland fylke – Studiehub - Fjordane Studiesenter (les meir på www.studiehub.no). Her ligg hovudfokuset på høgare utdanning, medan Kompetanse i Fjordane spesialiserer seg på kurs og vidareutdanning.

Uavhengig av kompetansebehov, utdanning eller kurs, vil du vite meir eller har du konkrete kompetansebehov? 

Ta kontakt!
Scroll top

Opp