Inviro er ein klyngeleiar, ein næringshage og eit studiesenter i Nordfjord. Vi er ein pådrivar for lokal verdiskaping gjennom kompetanse, møteplassar og samarbeid i regionen
Inviro er eit regionalt samlingspunkt for bedrifter, kommunar og menneske med vilje til å skape. Vi driv klyngesamarbeid, tilbyr kurs og kompetanse, og lagar møteplassar der nye tankar får spire.
Vi heiar på dei som vil bygge arbeidsplassar og framtid lokalt. Og vi hjelper dei dit – med nettverk, rådgjeving og praktiske verktøy.
Vi trur på samarbeid. Mellom bedrifter, mellom kommunar, mellom folk. Når vi spelar kvarandre gode, skjer det store ting – også i dsiktrikta
Vil du utvikle noko i Nordfjord? Du er komen rett.
Inviro AS vart etablert i 2020, og er i dag ein regional klyngeleiar, næringshage og studiesenter for Nordfjord. Vi arbeider for å styrke utvikling, innovasjon og kompetanse i regionen — og skape møteplassar der menneske og idear kan vekse.
Vi er eigd av eit breitt spekter av aktørar frå både privat og offentleg næringsliv i alle dei fem kommunane i Nordfjord. I dag er om lag 85 mål- og medlemsbedrifter tilknytte Inviro.
Inviro vart starta på initiativ frå både offentlege og private aktørar, men kjernen i arbeidet vårt ligg i menneska som driv det framover.
Vi er i dag eit team på fem personar som kvar dag jobbar for å skape verdi og engasjement i Nordfjord. Gjennom små og store initiativ legg vi til rette for aktivitetar som gir meirverdi – i dag og for framtida.
Ja, det kan høyrest ut som ein klisjé, men vi brenn for Nordfjord. For utvikling. For innovasjon. Og ikkje minst: for lokal verdiskaping.
Enten du driv ei bedrift, sit i kommunen eller berre har ei god idé du vil utvikle – vi stiller opp med støtte, innsikt og nettverk.
Vi hjelper små og mellomstore verksemder å vekse. Gjennom Næringshageprogrammet gir vi tett rådgjeving, verktøy og struktur for deg som vil ta neste steg.
Med VekstSporet får du eit strukturert opplegg for utvikling, vekst og leiarskap. Programmet passar for bedrifter i endring, og gir deg tydelege mål, retning og framdrift.
Vi gjer det lettare å lære lokalt. Gjennom StudieHub og Kompetanse i Fjordane tilbyr vi korte kurs, fleksible studieløp og vidareutdanning – tett på der folk bur og jobbar.
Gode ting skjer når folk møtast. Vi arrangerer møteplassar som NordfjordTreffet, TECH‑jenter, Fagsamlingsdagen og fleire. Her får du nye perspektiv og kanskje nye samarbeid.
Vi har erfaring med å utvikle og leie prosjekt – både innan næringsutvikling, offentleg samarbeid og regional kompetansebygging. Vi bidreg gjerne som prosjektleiar eller medspelar.
Vil du utvikle noko i Nordfjord? Då er vi klare.
Nordfjord er full av drivkraft. Her finst små og mellomstore verksemder som løftar både bygdene og menneska som bur her. Men dei treng gode rammer for å vekse – og det er der Inviro kjem inn.
Vi er her for å knyte saman idéar, folk og moglegheiter. Enten det handlar om kompetanse, utvikling, innovasjon eller samarbeid – så jobbar vi for at ting skal skje lokalt, og for at fleire skal kunne bu, lære og skape verdiar her i regionen.
Inviro har fått vere med på mykje dei siste åra: kurslokale fulle av fagfolk, konferansar, nettverkssamlingar, innovasjonsprosjekt, utvikling av studiesenter, ungdom som testar teknologi og kommunar som vil samarbeide meir. Vi ser at det nytter – når vi jobbar saman.
Eg trur på framtida for Nordfjord. Og eg trur på dei som vil noko. Inviro skal vere ein plass for nettopp dei – og vi skal vere til å stole på.
Vi spelar kvarandre gode.
/Øystein Nes
Opp