Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Nordfjord Smarthus

Nordfjord Smarthus er eit levande bygg, og ei leikegrind for framtidas teknologi og grøne løysingar. Bygget skal vere eit visningshus, eit undervisningslokale, ein møteplass og ein arena for alle som har interesse for teknologi og teknisk utvikling.

Historia

Bakgrunn

Nordfjord Smarthus er ein del av “Nordfjord-Labben”. Nordfjord-Labben er eit samarbeidsprosjekt mellom Inviro, Vestland fylkeskommune, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Målsettinga med prosjektet er å legge til rette for framtidas teknologi som kan nyttast både av næringsliv og til opplæring. Nordfjord-Labben består i dag av ein sveiserobot, sett med 8 PLS`ar, fagprøvestasjon på elektro og automasjon, samt Nordfjord Smarthus.

Ideen

Ideen bak Nordfjord Smarthus kom frå prosjektgruppa til Nordfjord-Labben, beståande av Ove Bjørlo (Inviro), Øystein Nes (Inviro) Tore Hjelle (Eid Elektro), Einar Løken (Normatic), Ove Lillestøl (Eid VGS) og Alf Reidar Myrstad (Eid VGS). Konseptet var at ein skulle bygge eit så grønt bygg som mogleg, med fokus på ny teknologi, samt at ein skulle nytte lokale leverandørar som får eit visningshus for å vise fram produkta og tenestene sine. Med oss på laget fekk vi også Sogn og Fjordane Energi (SFE) som hovudsponsor, samt Sparebank1 Sogn og Fjordane har bidrege med eit betydeleg beløp for å realisere ideen.

Blakstad-modellen

Ein kom tidleg inn på tanken at det hadde vore eit spanande prosjekt å la elevar på vidaregåande skule vere med å bygge Smarthuset. I Blakstad kommune hadde dei tidlegare gjort noko liknande, så vi tok kontakt med kommuna for erfaringsutveksling. Nokre månadar seinare presenterte vi konseptet for Eid VGS og Stryn VGS, og begge partar tende på prosjektet. Når bygget står ferdig vil ca. 250 elevar innan programfaga; bygg og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi og industri og interiør og eksponeringsdesign, samt lærlingar innan røyrleggarfaget, elektro, taktekking og ventilasjon delteke på byggeprosjektet. Desse elevane/lærlingane har gjort ein eineståande innsats, har fått ein unik tverrfagleg kompetanse og verkar å vere stolte av å ha vore med å bygge smarthuset. Lærarane på begge skulane har gjort ein fantastisk innsats for å få dette til.

Prosjektleiar

Prosjektleiar for Nordfjord Smarthus er Ove Bjørlo i Inviro. Ove har dei siste 2,5 år arbeida tett saman med skular, bedrifter og andre aktørar som har delteke på Nordfjord Smarthus for å få realisert Smarthuset.

 

Realisering og vidare bruk

Nordfjord Smarthus er eit levande bygg, og ei leikegrind for framtidas teknologi og grøne løysingar. Bygget skal vere eit visningshus, eit undervisningslokale, ein møteplass og ein arena for alle som har interessse for teknologi og teknisk utvikling. 

I tillegg til dette har vi også kopla på "gymmen" bygget, og energi frå Smarthuset vil vere med på oppvarming av Gymmen. Vinn-vinn!

Vil du nytte smarthuset?

Nordfjord Smarthus skal vere for alle. Som nemnt vil bygget være levande, både med tanke på at elevar vil nytte det i undervisninga, bedrifter kan installere nye teknologiske løysingar som dei ønskjer å vise fram og det er planlagt andre aktivitetar i tilknytting til bygget.

Har du eit produkt, ein teneste eller at anna sprell du ønskjer å vise fram eller nytte Smarthuset til, ta kontakt med Inviro.

Samarbeidspartnara på Nordfjord Smarthus

Sogn og Fjordane Energi, VLFK, Byggern, NTC arkitekter, Stårheim Bygg (fagansvarleg), Eid Elektro (fagansvarleg), Norconsult, Flo Brannsikring ,Eid VGS, Stryn VGS, Riksheim, Naustdal Maskin, Stryvo, Nesbakk rør, Skårhaug Taktekk, Nordfjord Betong, Brødrene Dahl, Elko, Norgesvinduet, Nordvestvinduet, Fluorlux, Splitkon, Inaventa Solar, Pixii, Paneda, Opal, Bosch, Bano, Isovent, Espe Trevarefabrikk, Skarpnes, Eaton, Aneta Lightning, Enivest, OneCo, Lenko, Elkjøp, Isola, Rockwool, Moelven, Icopal
 

Scroll top

Opp