Studentstova er eit gratis tilbod om leseplassar i fleire kommunar i Nordfjord for studentar som bur i regionen, er på besøk eller som er heime i kortare/lengre periodar.
Ei studentstove er noko så enkelt som ein gratis leseplass for deg som studerer desentralisert. Om du bur her, eller bare er på besøk og treng ein plass for å studere, så har vi leseplass til deg! Studentstova er open 24/7
Er du student og bur i Nordfjord? Er du heime på ferie? Skal du skrive ei oppgåve? StudieHub Nordfjord kan hjelpe deg lokalt med praktiske forhold samt studieteknisk støtte. Vår målsetting er å legge til rette for eit aktivt og lokalt studentmiljø for deg som tar utdanning og bur i Nordfjord, eller som er heime i kortare eller lengre periodar. Vi har, i samarbeid med Nordfjordakademiet og kommunane, etablert studentstovar i Stryn, Gloppen, Bremanger, Volda og Nordfjordeid. Her kan du bestille deg, heilt gratis, eigen leseplass med tilgang til skjerm, tastatur, datamus samt tilgang til kopimaskin og kjøkkenkrok. Dersom det er fullt når du ønskjer å booke plass, er det bare å ta kontakt, så finner vi løysningar. Du er alltid velkommen!
Kontakt gjerne leiar, Kari, via e-post eller telefon, dersom du har spørsmål knytt til kva vi eventuelt kan støtte deg med.
Ei studentstove er noko så enkelt som ein gratis leseplass for deg som studerer desentralisert. Om du bur her, eller bare er på besøk og treng ein plass for å studere, så har vi leseplass til deg!
Våre studenstover er opne 24/7!
Under finn du direktelink til bookingsidene til dei ulike studentstovene.
Opp