Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Næringshageprogrammet

Inviro og Stryn Næringshage samarbeidar under tittelen "Næringshagane i Nordfjord". Vi har ca. 70 målbedrifter i alle kommunane i Nordfjord.

Næringshageprogrammet

For verksemder som vil utvikle seg – med struktur og støtte.

Næringshageprogrammet er eit tilbod for etablerte små og mellomstore bedrifter i Nordfjord som ønskjer vekst, utvikling eller forbetring.

Gjennom programmet får du tilgang til ein rådgjevar som kjenner regionen – og verksemda di. 

Vi hjelper deg med å finne retning, få struktur og halde tempoet oppe.

Du får:

  • Ein fast sparringspartnar som følgjer deg over tid
  • Strukturert oppfølging og utviklingsplan
  • Tilgang til relevante kurs og fagmiljø
  • Praktiske verktøy
  • Moglegheit for nettverk og samarbeid i regionen

Passar for:

  • Bedrifter som vil rigge seg for vidare vekst
  • Verksemder med behov for meir struktur i utviklingsarbeidet
  • Leiarar som ønskjer sparring og støtte i kvardagen
  • Organisasjonar som står i omstilling eller ønsker å tenkje nytt

Nordfjordeid Næringshage vart etablert i 1999 og i 2011 slo Nordfjordeid og Stryn Næringshage saman kreftene – i dag kjenner vi samarbeidet som «Næringshagane i Nordfjord». Programmet rettleier og støttar om lag 70 små‑ og mellomstore verksemder i heile regionen. 

Vi er ein stolt operatør i det nasjonale Næringshageprogrammet, med støtte frå Siva og Vestland fylkeskommune.

Scroll top

Opp