Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

TechPub for Nordfjord - Gloppen hotell, Sandane

TechPub Nordfjord samlar fagfolk, verksemder og teknologiinteresserte til ein uformell kveld med faglege innlegg, mat og gode samtalar på Magnifikk på Nordfjordeid.

03.09.2026

17:30 - 19:45

Gloppen Hotell

TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er utviklar, gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.

Det blir korte faginnlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar. 

Dette er den femte TechPub i rekka, og det har vore omlag 40-50 personar på dei fire første. Denne gangen flyttar vi TechPub til Gloppen og til Gloppen hotell. Hjarteleg volkomne skal det vere. 


Program:
 

  • 17:30 - 18:00 Mingling med “tech-prat-start”
  • 18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft Tech Community og Anne Mette Hjelle, IT-forum Vest
  • 18:05 - 18:25 Norse Materials ved CEO, Frode Lindvik. Teknologi i materialutvikling og ei praktisk tilnærming til kva nytte og bruk vi som tradisjonell industribedrift har av KI.
  • 18:25 - 18:35 Jarle Gjengedal, advokat og personvernombod i Convene Group. Alle brukar KI no – er verksemda klar for det? Eit kort innblikk i personvern, sikkerheit og erfaringar frå arbeidslivet
  • 18:35 - 18:50 Pause og Pizza
  • 18:50 - 19.15 Caverion v/Ann Kristin Longva, avd.leiar Nordfjordeid. Teknologi i energieffektivisering, rehabilitering, nybygg, service og drift av bygg.
  • 19:15 - 19:45 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord
  • 19:45 - Mingling og prat rundt bordet


Arrangementet er gratis og TechPub fortsett etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord. 
Arrangørane er IT-Forum Vest - og vi i Inviro er så heldige at vi får vere med som samarbeidspartner.

Ein kan sjølvsagt berre dukke opp på Techpub, men det er supert om du melder deg på så vi veit kor mange vi skal kjøpe inn mat til. På TechPub #4 er det Caverion AS som er med å sponsar pizza.

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
03.03.2026

Scroll top

Opp