I Inviro og StudieHub er vi i dag fem tilsette med ein variert bakgrunn. Nedanfor kan du lese litt meir om oss. Ta gjerne kontakt eller stikk innom kontoret i bankgata på Nordfjordeid for ein prat
Dagleg leiar
Inviro / StudieHub
Tlf: 416 95 559
E-post: Oystein@inviro.no
Øystein er dagleg leiar i Inviro, og er 50 % engasjert som dagleg leiar i Studiehub.
Øystein har mastergrad i media og kommunikasjon, og har brei erfaring innan logistikk, sal, forhandlingar og marknadsføring frå daglegvarebransjen. I 2017 flytta han og familien heim att til Nordfjord, og tre år seinare vart han tilsett som dagleg leiar i det nystarta selskapet Inviro. I dag er Øystein involvert i det meste som skjer i både Inviro og StudieHub. Han har eit sterkt engasjement for lokal utvikling, verdiskaping og vekst i regionen – og drivast av ønsket om å bidra til at fleire får moglegheita til å bu, leve og arbeide i Nordfjord. Når han har fri, går tida gjerne til aktivitetar saman med borna, og elles følgjer han ivrig med på det meste innan sport. Ta gjerne kontakt med Øystein om du lurer på noko – svarar han ikkje med ein gong, kan du vere trygg på at han ringer deg tilbake.
Studiesenterleiar
StudieHub / Inviro
Tlf: 952 87 575
E-post: Kari@inviro.no
Kari har det daglege ansvaret for organisering og gjennomføring av utdanningar via StudieHub.
Kari har ein solid bakgrunn frå utdanningssektoren og brei erfaring frå ulike roller i grunnskulen, vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Ho har mastergrad i spesialpedagogikk og har vore studiesenterleiar i StudieHub sidan oppstarten i 2023. Opphavleg kjem Kari frå Bodø, men ho har funne seg godt til rette på Sørstranda i Gloppen kommune. Til dagleg finn du ho anten på kontoret i Nordfjordeid eller ute på ei av Studentstovene i Nordfjord. På fritida er Kari ein engasjert syklist, glad i baking og ein ekte friluftsentusiast. Ta gjerne kontakt med ho dersom du har spørsmål om desentraliserte og fleksible utdanningstilbod, eller om du kjenner til behov for kompetansehevingstiltak i regionen vår.
Næringshageleiar
Inviro
Tlf: 456 00 526
E-post: Arild@inviro.no
Arild er leiar for næringshagprg., ansvarleg for kursaktivitet og prosjektrådgjevar.
Arild har bakgrunn frå elektrobransjen, men har dei siste 20 åra arbeidd med innovasjon, kompetanseutvikling og bedriftsutvikling gjennom Nordfjordeid Næringshage – no Inviro. Han har lang erfaring som prosjektleiar, og i Inviro har han hovudansvaret for næringshageprogrammet. I tillegg er Arild prosjektleiar for fleire større satsingar og fungerer som prosjektrådgjevar i samband med kurs- og kompetanseaktivitetar. Han er ein viktig ressurs for bedrifter som ønskjer utvikling, samarbeid og vekst. På fritida finn du gjerne Arild på golfbana eller på ski – alltid med eit brennande engasjement for regionen og næringslivet i Nordfjord. Ta gjerne kontakt med Arild om du har spørsmål om næringshageprogrammet, kursaktivitet, innovasjonsprosjekt – eller om korleis Inviro kan støtte deg og di bedrift i utviklingsarbeidet.
Senior prosjektrådgjevar
StudieHub / Inviro
Tlf: 415 30 810
E-post: Ove@inviro.no
Ove er ansvarleg for utdanning i privat sektor, ansvarleg for fagprøvestasjonane, og prosjektrådgjevar
Ove har bakgrunn som elektroingeniør og ein lang karriere som lærar og rektor ved Eid vidaregåande skule. Han har alltid hatt eit sterkt engasjement for lokal verdiskaping og utvikling i Nordfjord. Gjennom åra har Ove vore ein sentral aktør i lokalsamfunnet – både som politikar, styremedlem og styreleiar i ei rekkje selskap, og ikkje minst som pådrivar i frivillig sektor. Han skulle eigentleg gå av med pensjon i 2021, men tre år seinare er han heldigvis framleis ein aktiv del av Inviro-teamet. I Inviro er Ove ansvarleg for kompetanseutvikling innan privat sektor gjennom StudieHub, og har òg ansvaret for fagprøvestasjonane innan elektro og automasjon. I tillegg bidreg han som prosjektrådgjevar i ulike utviklingsaktivitetar både i Inviro og StudieHub. Ta gjerne kontakt med Ove om du har spørsmål knytt til høgare utdanning, Nordfjord Smarthus eller fagprøvestasjonane.
Prosjektrådgjevar
Inviro
Tlf: 924 85 824
E-post: Ida@inviro.no
Ida er prosjektleiar for vår nye kurssatsing «Kompetanse i Fjordane».
Etter over 20 år i frisøryrket – der ho òg arbeidde som fagkonsulent i eit opplæringskontor – valde Ida å satse vidare på ei fagskuleutdanning innan HR. Det var gjennom Studentstova på Nordfjordeid vi først vart kjent med ho, og sidan har ho blitt ein viktig del av Inviro-teamet. Ida har framifrå relasjonelle ferdigheiter og eit naturleg talent for å byggje gode samarbeid. Ho er prosjektleiar for kursaktiviteten i Inviro gjennom prosjektet Kompetanse i Fjordane, der ho arbeider med å utvikle og koordinere kurs- og kompetansetilbod i heile regionen. Opphavleg kjem Ida frå Vesterålen, men ho har dei siste seks åra budd på Nordfjordeid. På fritida nyt ho både natur og kultur, og har ein stor interesse for fotografering og alt som er kreativt. Ta gjerne kontakt med Ida om du har forslag til kurs eller ønskjer samarbeid om kursaktivitet i Nordfjord.
Opp