Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Gratis kurs: Operativ beredskap i praksis

Gratis kurs i "operativ beredskap i praksis" med Einang Safety Consult - Finansiert via BIO-midlar frå Vestland fylkeskommune

14.04.2026

09:00 - 15:30

Stokkenes Gjestegard

Operativ beredskap i praksis 

Ei fordjuping i beredskap og kriseleiing 

Inviro arrangerer, i samarbeid med Sogn og Fjordane Energi og Einang Safety Consult (ESC), til kurset Operativ beredskap i praksis. Kurset er finansiert med BIO-midlar frå Vestland fylkeskommune og er eit bidrag til å styrkje beredskapskompetansen i regionen. 

Frå forståing til meistring 

Målet med kurset er å gå frå teoretisk forståing til praktisk meistring av beredskap og kriseleiing. 

Gjennom nye case, refleksjon og erfaringsdeling arbeider deltakarane vidare med sentrale tema som: 

  • organisering for krisehandtering
  • roller og ansvar i krise
  • samhandling og koordinering
  • beslutningstaking under press
  • praktisk stabsarbeid
  • proaktiv leiing og læring etter hendingar 

Kurset er praksisnært og involverande, og legg vekt på realistiske scenario og konkrete verktøy som kan takast i bruk i eigen organisasjon. 

Målgruppe 

Kurset passar særleg for: 

  • daglege leiarar
  • verksemdsleiarar
  • einings- og avdelingsleiarar
  • beredskapsansvarlege
  • andre med roller innan leiing og beredskap 

Det er ein føresetnad at deltakarane har grunnleggande kjennskap til beredskapsarbeid, og gjerne har delteke på tidlegare kurs innan krisehandtering. 

Kvifor delta? 

  • De styrkjer evna til å leie under press
  • De utviklar ein meir robust beredskapskultur
  • De får konkrete verktøy som kan implementerast i eigen organisasjon 

Om kurshaldarane 

Karine Einang 

Karine har 14 års erfaring frå brannvesenet, der ho har jobba som konstabel, ingeniør og brannsjef. Ho er utdanna brann- og HMS-ingeniør og har bachelor i Risk Management. I tillegg har ho utdanning innan beredskaps- og innsatsleiing frå Kystverket, Noregs Brannskule og Høgskulen på Vestlandet. Karine har solid operativ erfaring og sterk fagleg tyngde innan både beredskap og leiing. 

Paul Henriksen 

Paul har meir enn 20 års erfaring frå Forsvaret og politiet, mellom anna som militærpolitibefal, politibetjent og etterforskingsleiar. Han har vidareutdanning innan beredskapsleiing, krisehandtering, organisasjon og leiing, politileiing og digital etterforsking. Paul har brei operativ bakgrunn og djup innsikt i handtering av krevjande situasjonar. 

Om satsinga 

Gjennom dette kurset ønskjer Inviro å bidra til styrkt kompetanse og meir systematisk beredskapsarbeid i regionen. Med støtte frå Vestland fylkeskommune legg vi til rette for at verksemder kan utvikle både struktur, kultur og leiarskap innan beredskap - utan kursavgift. 

Praktisk informasjon:

Stad: Stokkenes Gjestegard (Nordfjordeid)

Dato: 14. april 2026

Tidspunkt: 09:00 - 15:30

Ledige plassar: Maks 2 personar frå kvar bedrift, og det er maks 30 plassar (15 plassar igjen). Dersom påmeldinga ikkje fungerer, er det fordi kurset er fullbooka.

Pris: 0,- *Kurset er gratis for alle deltakarar, og er finansiert via BIO-midlar frå Vestland fylkeskommune.

 

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
11.03.2026

Scroll top

Opp