Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Kurs i First Lego League.

Inviro AS har gleda av å invitere deg til eit gratis kurs for lærarar og rettleiarar for elevar i alderen 10–16 år. Kurset finn stad 28. august på Stokkenes Gard – Nordfjordeid, og varer frå kl. 09:00 til 15:15.

28.08.2026

09:00 - 15:15

Stokkenes Gard

På kurset får du ei praktisk innføring i FIRST LEGO League og SPIKE Prime, og konkrete tips til korleis du kan rettleie elevar i arbeidet med teknologi, programmering og problemløysing. Samt korleis ein kan nytte dette inn i eit undervisningsopplegg.

I løpet av dagen utforskar vi sentrale delar av FLL (FIRST LEGO League) og arbeider praktisk med LEGO® Education SPIKE™ Prime.

Program:

  • 09:00–09:45: Del 1: Hva er FLL, og hvorfor er det viktig i skolen?
  • 09:45–10:00: Kaffepause
  • 10:00–11:00: Del 2: Praktisk metode og tilnærming til FLL og det innovative prosjektet
  • 11:00–11:30: Lunsj
  • 11:30–14:30: Del 3: Kom i gang med SPIKE Prime – innføring i programmering. Handson-økt.
  • 14:30–15:15: Del 4: FLL Future Edition – fra 2028 går alle FLL-byer over til denne versjonen.

Kurshaldar - Henrik Sjödin

Henrik Sjödin er utdanna sivilingeniør og lærar, og har undervist i mange år, hovudsakleg i vidaregåande skule. Han har òg arbeidd med utvikling hos LEGO i Billund i fleire år, med særleg fokus på pedagogisk bruk av teknologi i undervisninga.

Henrik starta FLL-robotklubb i Stockholm. Sollentuna Robot Club blir i dag driven vidare av eit nytt styre og deltek aktivt i Stockholm-turneringa i FIRST LEGO League.

I dag er han basert i Malmö i Sverige, og har budd i København det siste året. Henrik har svensk som morsmål, men er ein erfaren kursleiar som ofte held kurs i Noreg – det pleier å gå heilt fint.

Han har eit sterkt engasjement for FIRST LEGO League og brenn for at fleire barn og unge skal få auka sjølvtillit, meistringskjensle og interesse for teknologi gjennom arbeid med LEGO® Education sitt materiell.

Praktisk informasjon:

  • Vi avgrensar talet på deltakarar til 20 for å sikre best mogleg oppfølging av kvar deltakar.
  • Ta med PC/Mac/Chromebook. Du treng ikkje laste ned noko på førehand, men sørg for at nettlesaren Chrome er installert.
  • Dersom du brukar nettbrett, ver venleg å laste ned SPIKE-appen på førehand. Det er ikkje mogleg å køyre programmet direkte i nettlesar på nettbrett. Du kan laste ned SPIKE-appen her: https://education.lego.com/en-us/downloads/spike-app/software/
  • Ta med sorterte (ikkje ferdig bygde – vi byggjer i løpet av dagen) SPIKE Prime-sett frå skulen din, eitt sett per to deltakarar. Sørg for at hubane er lada før kursstart.
  • Dersom du ikkje har eit SPIKE Prime-sett, ta kontakt med Arild for å høyre om moglegheiter.
  • Arild stiller med ferdig oppbygd FLL-bane med årets tema – denne skal du ikkje ta med.
  • Det blir servert lunsj 

Spørsmål? Ta kontakt med Arild@inviro.no

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
12.03.2026

Scroll top

Opp