Samarbeid og nettverk gjer oss, og bedriftene i vår region, betre rusta for å løyse utfordringar eller iverksette moglegheiter. Inviro er så heldig at vi har mange gode samarbeidspartnarar, kollegaer og nettverk i heile Vestland
Vekst i lag er eit partnarskap beståande av Stryn Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Sogn Næring, Aksello, Sognefjorden Næringshage, Klar Bedrift og Inviro.
Gjennom Vekst i lag samlar vi all vår kompetanse på ein plass; sånn at du kan velge blant endå fleire tenester, og få ekstra god hjelp med å utvikle bedrifta di.
Nordfjordakademiet og Inviro vart skipa med ein månads mellomrom i 2020, og saman med Nordfjord opplæringskontor har dei vore, og er i dag, ein av våre viktigaste samarbeidspartnarar. Nyleg har Nordfjordakademiet og Nordfjord opplæringskontor slått seg saman til Nordfjordkompaniet, og samarbeidet gjekk frå å vere eit trekløver til yin og yang - to krefter som utfyller kvarandre.
Nordfjordkompaniet er eit av Noregs råaste opplæringskontor og har også knekt koden for korleis ein skal drive rekruttering til ein distriktsregion som Nordfjord. Via initiativ som superlærling, superfritid, superjobb, jakta på superkreftene og nettverket Heia Nordfjord, bidreg dei på ein fantastisk måte for at Nordfjord skal bli den beste plassen å bu, leve og arbeide.
Inviro har som målsetting å vere eit kompetansesenter i Nordfjord og bidra til vekst og utvikling blant både privat og offentleg næringsliv. Via tenester som næringshageprogrammet, StudieHub Fjordane studiesenter og Kompetanse i Fjordane skal vi bidra til at kompetanse, møteplassar, nettverksbygging og FOU-arbeid skal vere tilgjengeleg lokalt i vår region.
Inviro og Nordfjordkompaniet har ulike satsingsområde og tenester som skal bidra til vekst og utvikling i regionen, og det unike med begge selskapa og folka som arbeider hos oss, er at vi alle brenn for Nordfjord som region. Dette er eit strålande utgangspunkt for samarbeid, og det er her vi utfyller kvarandre i fleire av prosjekta og aktivitetane vi samarbeider på. Dei siste åra har vi samarbeida om fleire større prosjekt som t.d. NordfjordTreffet, Jakta på Superkreftene, Kompetansepilot og Nordfjordkonferansen, og framover er vi allereie i gang med planlegginga av fleire samarbeidsprosjekt.
Saman bidreg vi til at Nordfjord både no og i framtida skal vere ein fantastisk plass å bu, leve og arbeide.
I Nordfjord er vi så heldige at vi er mange aktørar som arbeider for at Nordfjord skal ha det beste private og offentlege næringslivet. Gloppen næringsorganisasjon, Stryn Næringssamskipnad, Bremanger Næringsråd, Stad Vekst og Måløy Vekst er alle aktørar Inviro samarbeider på ulike prosjekt og aktivitetar.
Inunett er ein partnerskap beståande av sju næringshagar og seks inkubatorar:
Næringshagar: Næringshagen i Ullensvang, Hardanger og Voss næringshage, Stryn NH, Sognefjorden næringshage, Medvind Næringshage, klar bedrift og Inviro.
Inkubatorar: Industriutvikling Vest, VIS - Vestlandets innovasjonsselskap, Aksello, Kunnskapsparken Vestland og StartupLab Bergen.
Inunet har som mål å bidra til auka entreprenørskap og verdiskaping i Vestland gjennom rådgjeving, kompetanseheving og tilrettelegging for forretningsidéar med stort vekstpotensial. Vidare skal prosjektet gje auka kunnskap og samhandling mellom innovasjonsmiljøa. Dette er eit kontinuerleg arbeid for å utvikle samarbeidsløysingar rundt felles målsetjingar i Vestland. Målet er å styrke miljøa ved å nytte kvarandre sin spisskompetanse, dele denne og skape nye synergiar gjennom forpliktande samarbeid. Ressursane vert utnytta til felles beste på regionalt nivå.
Det er avgjerande at innovasjonsmiljøet i Vestland er oppdatert på kvarandre sine bedrifter/miljø/kompetanse. Gjennom utvikling av felles møteplassar, utvikling av samarbeidsmodellar og felles læring, vil medlemmane bli betre kjende med kvarandre sine utfordringar og kvalitetar, og dermed kunne dele erfaringar og løysingar. Eit samarbeid prega av dialog og fokus på bedriftscase vil heve standarden og henvisningskompetansen til heile innovasjonsmiljøet i regionen.
Green Innovation Network (GIN) er eit lokalt bedriftsnettverk i Nordfjord, beståande av bedriftene Nordplan AS, Segel AS, og Inviro AS. I fellesskap tilbyr vi tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar.
Kompetanseutvikling i næringslivet, skal føre til grøn næringsutvikling og berekraftig innovasjon i Nordre del av Vestland
Å integrere berekraft i forretningsstrategiar og operasjonar kan vere komplekst og krevje spesialisert kunnskap, og mange bedrifter treng hjelp med berekraft av fleire grunnar:
1: Ekspertise og rådgjeving:
2: Teknologiske løysingar:
3: Regulatoriske krav:
4: Rapportering og sertifisering:
5: Opplæring og utvikling:
6: Strategisk planlegging:
7: Samarbeid og partnarskap:
GIN ønskjer å hjelpe bedrifter med ikkje berre oppfylle sine berekraftsmål meir effektivt, men òg oppnå konkurransefortrinn og sikre langsiktig suksess i ein stadig meir berekraftsfokusert marknad.
Treng du eller di bedrift hjelp til nokre av punkta over? Ta kontakt med ein av aktørane i partnarskapen.
Opp