Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

TECH-jenter 2026 i Operahuset Nordfjord

TECH-Jenter kjem tilbake til Operahuset Nordfjord 4. november 2026.

04.11.2026

10:00 - 14:00

Operahuset Nordfjord

TECH-jenter samlar jenter i 9. klasse frå heile Nordfjord til ein dag fylt med teknologi, opplevingar, inspirasjon og praktiske aktivitetar. 

Målet er å vise fram moglegheitene innan teknologi, realfag og yrkesfag – gjennom ekte opplevingar og møte med menneske som jobbar med dette kvar dag.

I løpet av dagen får borna:

  • oppleve vitenshow i operasalen
  • prøve ny teknologi og praktiske aktivitetar
  • møte jenter og rollemodellar innan tech
  • utforske robotikk, programmering og framtidas teknologi
  • reise ut i verdsrommet med ViteMeir

TECH-Jenter er gratis for skulane å delta på, og blir gjennomført i samarbeid mellom næringsliv, skule og offentlege aktørar i regionen. 

Hovudsponsorane til treffet er Sparebank1 Sogn og Fjordane og Sparebanken Norge

Ein ekstra takk også til Tekna og SFE som bidreg til at den fantastiske gjengen frå ViteMeir kjem til Nordfjord.

Gjennom dei to åra arrangementet har blitt gjennomført har vi samla over 260 deltakarar, og evalueringane viser svært gode tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar. Fleire av jentene peika på at dagen gav meir interesse for teknologi og realfag vidare.

Praktisk informasjon

  • Dato: 04.11.2026
  • Tid: 10:00–14:00
  • Stad: Operahuset Nordfjord
  • Målgruppe: Jenter i 9. klasse frå alle skulane i Nordfjord
  • Pris: Gratis (mat og transport sponsa av hovudsponsorane våre)

Meir informasjon om program og praktisk gjennomføring kjem til skulane etter kvart.

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
07.05.2026

Scroll top

Opp