Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Årlege arrangement

Her finn du ei oversikt over dei større "Nordfjord-arrangementa" i regi av Inviro. Trykk på arrangementet for å lese meir.

Nordfjordtreffet

Historia

I perioden 2010 - 2018 vart det arrangert eit rekrutteringstreff i Stad kommune under namnet "Påsketreffet". Etter nokre år utan eit treff som dette bestemde vi i Inviro oss for at dette var eit konsept vi ønskja å få på beina igjen og samstundes sette vårt eige preg på det. NordfjordTreffet vart ein realitet for første gang i 2022. Dei største endringane vi valde å gjere var for det første å rullere treffet mellom alle kommunane i Nordfjord. For det andre auka vi nedslagsfeltet til heile Nordfjord. Og for det tredje så utvida vi konseptet til å vere både eit nettverkstreff og ei rekrutteringsmesse.

Dei siste par åra har konspetet blitt ytterlegare utvida, der mellom anna StudieHub - Fjordane Studiesenter og Nordfjordkompaniet har fleire aktivitetar for studentar tidleg på dag før dørene til NordfjordTreffet opnar.

I tillegg har vi utvikla eit konsept under namnet "Nettverk Nordfjord" der vi invitera alle som har stands på treffet til ein fagleg og hyggjeleg samling i forkant av treffet. i 2024 deltok 140 personar på Nettverk Nordfjord.

Premiere

I 2022 arrangerte vi det første NordfjordTreffet i Operahuset Nordfjord. Sidan den gang har vi arrangert det i ein industri hall i Stryn hjå bedrifta Nomek og i 2024 vart det gjennomført i Firdahallen i Gloppen.

I snitt desse tre åra har vi vore 60 stands-deltakarar og mellom 4-500 gjestar innom.

Foto: Dina Rygg. NordfjordTreffet Gloppen 2024

Nettverk og rekruttering

I dag er NordfjordTreffet blitt ein viktig dag både for nettverksbygging og rekruttering. Og kvart einaste år har vi fått tilbakemeldingar på bedrifter som "har funnet saman" og personar som har funnet sin nye arbeidsgivar på treffet. Men NordfjordTreffet er ikkje statisk, og utviklar seg år for år basert på tilbakemeldingar frå gjestar og stands.

Vi rundar Nordfjord

I 2025 blir NordfjordTreffet arrangert i Kinn kommune (Måløy) og i 2026 skal vi til Bremanger. Det blir stas!

Samarbeidspartnarar

Som prosjektleiar/eigar har NordfjordTreffet blitt ein viktig del av jobben vår i Inviro. Men vi hadde ikkje klart dette åleine. Den faste prosjektgruppa består av Tonje Bjerkan frå Nordfjordkompaniet Jenny Staalnacke frå Stryn Næringshage, Elisabeth Hatlenes frå Samarbeid i Nordfjord, samt at vi årleg invitera inn vekstselskapet i kommuna der treffet blir arrangert.
 

Sponsorar

Vi har to fantastiske samarbeidspartnarar og sponsorar i Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Nordfjordkonferansen

Nordfjordkonferansen vart arrangert for første gong i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid i 2024, og vi er no i gang med planlegginga av konferansen for 2025.

Programmet for NK25 vil kome ila midten av februar 2025

Nordfjordkonferansen er ein møteplass, inspirasjonsarena og ein næringskonferanse som bidreg til eit berekraftig næringsliv på tvers av offentleg og privat sektor, framtidige arbeidstakarar / arbeidsgivarar i Nordfjord og mellom ulike bransjar og næringar.

Årleg skal vi ha foredragshaldarar knytt til nasjonale og regionale tematikkar, men hovudfokuset og vekta på foredragshaldarar skal vere frå Nordfjord og på folka som bur, leve og arbeida her.

Målsettinga er at vi gjennom Nordfjordkonferansen saman styrkjer regionens posisjon og identitet.

Vi ønskjer også å legge til rette for at den yngre generasjonen i får moglegheit til å delta på konferansen slik at dei kan sjå kva moglegheiter og utfordringar regionen står ovanfor. Vi invitera dermed årleg alle "avgangselevar" på dei vidaregåande skulane i Nordfjord til å delta gratis på konferansen. På denne måten kan konferansen bidra til å "så eit lite korn" for kva som er mogleg i Nordfjord, før mange av dei reiser ut for å studere eller arbeide.

Samarbeidspartnarar til Nordfjordkonferansen er: Nordfjordkompaniet, Vestland fylkeskommune, Stad kommune, Stryn Kommune, Gloppen kommune, Bremanger kommune og Kinn kommune.

Hovudsponsor er Sparebank1 Sogn & Fjordane

First Lego League

Kva er First Lego League?

FLL er verdens største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge og arrangerast i over 110 land i heile verden og i Norge er det ca. 35 arrangørar og 15.000 born og unge som årleg deltek.

På FLL i 2024 var det over 250 born og unge frå heile Nordfjord og Sunnfjord som deltok på First Lego League i Operahuset Nordfjord.

FLL har til hensikt å fremme interessa for realfag og teknologi hos born og unge i alderen 4-16 år (På FLL i Nordfjord og Sunnfjord fokuserer vi på FLL Challenge som er frå 10-16år)

Gjennom 8-10 veker får barna/ungdommen oppleve ei praktisk tilnærming til realfag og teknologi

  • Dei får designe og programmere en LEGO®-robot til å løyse utfordingar.
  • Dei får forske på ein eigenvalt problemstilling som dei vaksne ikkje sitt på svaret på, og får presentere dette for dommarane
  • Dei får vise fram arbeidet dei har lagt ned på turneringsdagen, der dei også møter andre lag som har arbeida med same tema og problemstillingar.

    FLL 2024
    Heile 14 lag og over 250 born og unge frå Nordfjord og Sunnfjord deltok på FLL i 2024 i Operahuset Nordfjord

Samarbeidspartnarar og sponsorar:

Prosjektleinga av First Lego League er eit samarbeidsprosjekt mellom Eid Vidaregåande skule og Inviro.

Men, det er mange som ønskjer å vere med å bidra til at born og unge får moglegheit til å vere med på FLL:  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebank1 Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Equinor, Tekna, Eid Elektro, Nordfjordkompaniet, Coast Seafood, Paneda, Stryvo, Enivest, Convene og Åsen og Øvrelid AS. Alle desse bidreg med både støtte og tid for at vi skal få gjennomført dette arrangementet.

I tillegg er det ca 20 dommarar kvart år som stiller opp på dugnad på sjølve gjennomføringsdagen av FLL.

Påmelding

Fagsamlingsdagen

Inviro og NHO Elektro (tidlegare Nelfo Sogn og Fjordane) arrangerer årleg eit bransjetreff for elektro- og automasjonsbransjen i regionen i Operahuset Nordfjord. I snitt har det delteke 200 personar på fagsamlingsdagen, men potensialet er framleis stort både med tanke på bedrifter og personar.

Bakgrunn

Innan elektro- og automasjonsmiljøet i Nordfjord er miljøet, i nasjonal skala, stort og svært kompetent. Fleire av bedriftene i dette nettverket arbeider i dag både nasjonalt og internasjonalt. 

Fagsamlingsdagen skal bidra til å bygge nettverk mellom dei ulike aktørane, auke kompetansen via kurs og ha relevante foredragshaldarar på scena. 

Utvikling

Fagsamlingsdagen har utvikla seg kvart år med både nye tilbod, foredragshaldarar og deltakarar.

Programmet variera frå år til år, men det er to faste kurs ein kan gjennomføre denne dagen. FSE (Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg) og førstehjelpskurs. 

På fagsamlingsdagen er det også ca. 20 nasjonale leverandørar, via Onninen (og tidlegare Elektroskandia) som gjennomfører ei messe i foajeen til Operahuset der dei viser fram produkt, nye løysingar og tenester/produkt. Dette har vekse til å bli en viktig arena både for leverandørane, deltakarar på fagsamlingsdagen og for andre interessentar som stikk innom messa ila dagen (open og gratis for alle)

Aktivitetskalender

Sjå alle våre saker i arkivet
Scroll top

Opp