Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Studiereise til KORT (Osterøy) – kompetansesenteret for robotteknologi

Inviro inviterer, i samarbeid med dagleg leiar i KORT, Vidar Tufteland, til ei inspirerande studiereise til kompetansesenteret for robotteknologi på Osterøy

14.04.2026

11:00 - 11:30

Osterøy

Kompetansesenteret for Robotteknologi

Studieturen er retta mot verksemder i regionen som ønskjer å lære meir om robotisering, automasjon og digital utvikling – og korleis dette kan takast i bruk i praksis. 

Gjennom fagleg program, bedriftsbesøk, workshop og nettverksbygging får deltakarane både innsikt, inspirasjon og konkrete verktøy for vidare utvikling i eiga verksemd.

Kvifor delta?

Robotisering og automasjon er ikkje framtida – det er no. Denne studiereisa gir deg:

  • Innsikt i korleis robot- og automasjonsløysingar vert nytta i dag
  • Møte med verksemder som allereie har teke steget
  • Praktisk forståing av korleis teknologi kan styrkje konkurransekraft og effektivitet
  • Eit regionalt nettverk knytt til robotisering og automasjon i Nordfjord
  • Introduksjon til Norsk Katapult og moglegheiter for økonomisk støtte

Dette er ei studiereise for verksemder som ønskjer å tenkje framover og utforske nye moglegheiter.

Informasjonsmøte

 Det blir satt opp eit teamsmøte om studiereisa 23.02.26 kl. 09:00-09:30, med Vidar Tufteland frå Kompetansesenteret for robotteknologi 23.02.26 Påmelding til informasjonsmøte finn du i påmeldingsknappen under.

Målgruppe

  • Verksemder som allereie har, eller vurderer, automasjon og robotisering
  • Verksemder som ønskjer støtte til utviklings- og innovasjonsprosjekt

Program (hovudtrekk)

(Nærmare program vert sendt ut til deltakarane.)

Praktisk informasjon

Dato: 14. april kl. 11.00 – 15. april kl. 11.30
Stad: Osterøy / KORT
Pris: kr 7 900,- per deltakar (+ mva)
(Næringshageprogrammet kan nyttast)

Prisen inkluderer:

  • Fagleg program begge dagar
  • Sosialt arrangement
  • Overnatting og middag
  • Transport til/frå flyplass på Osterøy
  • Opplevingar og aktivitetar

Ikkje inkludert:
Transport til Bergen (fly/bil). 

(Ved tilstrekkeleg tal deltakarar som tek fly vert det sett opp minibuss frå Flesland.)

Påmelding og prekvalifisering

For å delta på bedriftsbesøka må kvar verksemd fylle ut eit kort prekvalifiseringsskjema (under 5 minutt). Dette dokumenterer SMB-status og utløyser kostnadsfri bruk av Robotkompetanse i denne fasen.

Prekvalifiseringsskjema (må fyllast ut): TRYKK HER

Etter innsending tek KORT kontakt for eit kort digitalt møte, der utbytte og tilpassing av opplegget vert avklart.

Merk: Minimum 10 deltakarar for gjennomføring av studiereisa.

Vidare moglegheiter – Katapultordninga (Frivillig)

Norsk Katapult – Manufacturing Technology: Fra ide til industrialisering!

  • Få hjelp til å utvikle, teste og industrialisere ideer, prosesser, og produkt, slik at du kan øke produktivitet og konkurransekraft i din bedrift.
  • Vi tilbyr unik, erfaringsbasert kompetanse fra flere hundre industrieksperter og tilgang til omfattende testfasiliteter ved våre tre nasjonale katapulter; Osterøy, Raufoss og Kongsberg.’

Spørsmål?: Ta kontakt med oystein@inviro.no

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
07.01.2026

Scroll top

Opp