Visste du at dei fleste behova til bedrifta di kan dekkjast av leverandørar og verksemder i Nordfjord? Nordfjordboka er eit samla oppslagsverk over bedrifter, produkt og tenester i regionen – laga for å gjere det enklare å handle lokalt og vere synleg regionalt.
01.05.2026
Klokkeslett kjem snart
Oppmøtestad kjem snart
Marknadsføring, profilering og lokal verdiskaping
I ei tid der stadig meir vert digitalt og vi lever i ein informasjonsoverflod, vel vi medvite å gå litt mot straumen.
Nordfjordboka er ei fysisk bok – eit kvalitetsprodukt produsert i Nordfjord – som er meint å liggje framme, bli bladd i og brukt. I boka finn du eit breitt spekter av små og store verksemder frå heile Nordfjord, presenterte på ein ryddig og profesjonell måte.
Erfaring viser at det som er fysisk, synleg og tilgjengeleg i kvardagen, ofte blir brukt oftare enn det som «ligg ein stad på nett». Nordfjordboka er meint å liggje på pulten, i møterommet eller i pauserommet, og vere det naturlege første stoppet neste gong du eller bedrifta di treng ei teneste eller eit produkt.
Pris for deltaking:
Nordfjordboka vert gjeven ut annankvart år, og det er høve til å oppdatere innhaldet på eiga side før kvar ny utgåve.
Boka blir produsert og redigert av Repix AS på Reed.
Målsettinga er at Nordfjordboka skal lanserast hausten 2026.
Målet er enkelt: Nordfjordboka skal bidra til meir lokal verdiskaping gjennom betre oversikt, sterkare samarbeid og kortare avstand mellom kjøpar og leverandør.
Når vi handlar regionalt, bidreg vi til fleire oppdrag, auka omsetnad, nye arbeidsplassar – og eit sterkare næringsliv i Nordfjord.
Sist oppdatert:
09.01.2026
Opp