Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Korleis kan robotisering og automatisering styrke di verksemd? Gratis FoU-møte for industribedrifter i Nordfjord

Korleis kan robotisering og automatisering styrke di verksemd?

10.09.2026

09:00 - 14:00

Nordfjord Hotel

NVITASJON TIL GRATIS FoU-MØTE: Korleis kan robotisering og automatisering styrke framtidas industri i Nordfjord?

Mange industribedrifter står overfor dei same utfordringane: tilgang på kompetanse, krav til effektiv drift, auka konkurranse og behov for meir berekraftige løysingar.

Samtidig utviklar teknologien seg raskare enn nokon gong. Robotisering og automatisering kan gi store moglegheiter – men korleis finn ein dei løysingane som faktisk gir verdi for eiga verksemd?

Vi inviterer difor til eit felles FoU-møte der industribedrifter, ulike forskingsmiljø og teknologipartnarar møtest for å drøfte konkrete problemstillingar, utforske moglegheiter, og leggje grunnlaget for konkrete innovasjons- og forskingsprosjekt.

Dette er ikkje eit seminar der du skal sitje og lytte heile dagen. Målet er å få fram dei reelle utfordringane i industrien, behov for ny kunnskap og saman identifisere prosjekt og løysingar som kan styrke konkurransekrafta i regionen.

Kvifor bør du delta?

  • Få innsikt i aktuelle teknologiar innan robotisering og automatisering
  • Høyre erfaringar frå forskings- og teknologimiljø
  • Presentere eigne utfordringar og behov
  • Utforske moglegheiter for samarbeid og finansiering av innovasjons- og utviklingsprosjekt
  • Vere med å forme framtidige FoU-initiativ for industrien i Nordfjord

Tid og stad

  • 10. september 2026
  • Nordfjord Hotell
  • Kl. 09.00–12.00 (inkludert lunsj) – med prosjektverkstad etterpå 12.45 – 14.00
  • Pris: Gratis

Program 09:00 - 12:00

09.00 Velkomen og introduksjon

  • Forregion Vestland - Moglegheiter for støtte til forsking og innovasjon
  • KORT (Kompetansesenter for Robotteknologi) – Kunnskaps- og teknologiløft for regional industri - Presentasjon av kompetanse, teknologi og samarbeidsmoglegheiter
  • Pause
  • Bedriftspitch: 3 minutt per bedrift: Kva utfordringar står de overfor? Kva ønskjer de å utforske innan robotisering og automatisering?
  • Innsikt frå forskingsmiljø: Korte innlegg frå forskarar og fagmiljø
  • Frå utfordring til prosjekt: Felles arbeidsøkt der vi utviklar idear og identifiserer aktuelle FoU- og innovasjonsprosjekt

Prosjektverkstad 12.45 – 14.00 

  • Prosjektverkstaden er for deg som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forsknings- og innovasjonsprosjekt i næringslivet og offentleg sektor. Dette er nyttig når du skal søkje FORREGIONForskingsfinansiering Vestland, Forskingsrådet eller Horisont Europa om støtte.
  • Det passer også for deg som skal søkje kompetanse- og samarbeidsprosjekt. Forskarar og bedrifter jobbar vidare i mindre grupper om konkrete prosjektidéar OG der KORT kan ha 1:1 møter med interesserte bedrifter.

Samarbeidspartnerar

Møtet er eit samarbeid mellom FORREGION Vestland, KORT og Inviro, med mål om å skape nye samarbeidsprosjekt mellom industribedrifter, forskingsmiljø og teknologipartnarar i Nordfjord.

FORREGION Vestland arbeider for å styrkje forsking og innovasjon i næringslivet gjennom mobilisering, rettleiing og finansiering av utviklingsprosjekt. Dette FoU-møtet er finansiert gjennom ordninga FoU-møte i FORREGION Vestland, som skal bidra til å kople bedrifter med relevante forskings- og kompetansemiljø og leggje grunnlaget for nye innovasjonsprosjekt.

Kompetansesenter for Robotteknologi (KORT) er eit regionalt kompetansesenter som hjelper verksemder med å ta i bruk robotisering og automatisering. Gjennom tilgang til forskingskompetanse, teknologimiljø og praktisk erfaring bidreg KORT til å utvikle nye løysingar og styrkje konkurransekrafta i norsk industri.

Kven bør delta?

Leiarar, produksjonsansvarlege, teknisk personell og andre som arbeider med utvikling, produksjon og innovasjon i industribedrifter.

Vi håpar du vil vere med og bidra til å forme neste steg for ein meir konkurransedyktig og berekraftig industri i Nordfjord.

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
25.06.2026

Scroll top

Opp