Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Lovpålagt HMS-opplæring for leiarar – Fysisk kurs på Nordfjord Hotel

Dette kurset gjev leiarar den lovpålagde HMS-opplæringa i samsvar med arbeidsmiljølova § 3-5.

22.09.2025

09:00 - 16:00

Nordfjord Hotel

 

Kurset er utvikla for å gje praktisk og relevant kompetanse for å kunne ta vare på arbeidsmiljøet på ein forsvarleg måte. Kurset vert gjennomført som ei fysisk samling og legg vekt på dialog, erfaringsutveksling og konkrete døme frå arbeidslivet.

Kva lærer du?


Deltakarane får ei innføring i:
• Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter knytt til HMS-regelverket
• Arbeidsgjevar sin plikt
• Arbeidstakar sin rett og plikt til medverknad
• Verneombodet og AMU si rolle og oppgåve
• BHT si rolle
• Inkluderande arbeidsliv
• Systematisk HMS-arbeid
• Arbeidsmiljøfaktorar
• Arbeidsmiljø og arbeidsrelasjonar
Kurset inkluderer praktiske oppgåver og diskusjonar som knyter teori til deltakarane sin eigen arbeidskvardag.
 

Målgruppe
Kurset er retta mot:
• Leiarar på alle nivå
 

Varigheit
Kurset varer éin arbeidsdag (7 timar), inkludert pausar og lunsj.
 

Kursbevis
Etter gjennomført kurs får deltakarane kursbevis som dokumenterer oppfylt krav til HMS-opplæring for leiarar.

NB: Kurset er ikke tilstrekkelig for deg som er verneombud eller medlem av arbeidsmiljøutvalget (AMU), med mindre partene i virksomheten er enige om at en kortere opplæring enn 40 timer er forsvarlig ut fra risikoforholdene.
 

Kursleiarar
Karine Einang og Paul F. Henriksen er erfarne kursleiarar med solid bakgrunn innan HMS og leiing.  Karine er grunnleggjar av Einang Safety og har mange års erfaring som rådgjevar og kurshaldar for både offentlege og private verksemder. Paul har lang fartstid som leiar og HMS-instruktør med særleg fokus på tryggleik, kulturbygging og praktisk risikovurdering. 

Karine Einang
Paul F. Henriksen


 

Om kursleverandøren
Einang Safety Consult AS leverer rådgjeving, kurs og opplæring innan HMS, leiing, branntryggleik og beredskap – skreddarsydd for både private og offentlege verksemder.
Med over 40 års samla erfaring frå brann- og redningsvesen, politi, Forsvaret og industrien, har dei inngåande kjennskap til både operative og strategiske utfordringar. Dei har sjølve sete «på den andre sida av bordet» og veit korleis det opplevast når presset er reelt og krava høge.

Spørsmål? Ta kontakt med Ida@inviro.no

Pris: 3.500,-

Påmeldingsfrist: 12.09.25  (Ved avbestilling etter 12.09.2025 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
30.06.2025

Scroll top

Opp