EIN BALANSEKUNST FOR LEIARAR - Kva gjer faktisk arbeidsmiljøet godt?
12.03.2026
09:00 - 15:00
Sophus Lie-vegen 1, 6770 Nordfjordeid ("Gymmen")
Utvikling, refleksjon og inspirasjon for leiarar i endring
Etter ei svært vellukka kursrekke i 2024/2025, med heile 4,7 av 5 stjerner i deltakar-evalueringa på gjennomføringa i fjor, kjem leiarutvikling i fjorden tilbake med ny kursrekke og oppdatert innhald.
I vår region er det eit tydeleg behov for å styrkje kompetansen både hos erfarne leiarar og dei som er nye i rolla. Arbeidslivet er i rask utvikling – og leiarrolla følgjer med. Krava til å handtere endringar, motivere medarbeidarar og skape gode arbeidsmiljø aukar.
Gjennom fem samlingar tek leiar og organisasjonspsykolog Sindre Storvoll deg med inn i sentrale og krevjande tema for leiarrolla. Du får konkrete verktøy, rom for refleksjon og nyttige diskusjonar med andre leiarar frå regionen – alt i ein trygg og dynamisk ramme med maks 20 deltakarar per kurs. Storvoll si tilnærming handlar om å utfordre, utvikle og utruste leiarar.

Sindre Storvoll er fødd nysgjerrig, trur menneske er skapte verdifulle, og drivast av å betre tilværa til andre. Psykologspesialisten har brei erfaring innan organisasjon, leiing og bedriftshelse i dei fleste psykososiale og organisatoriske sjatteringar. I kvardagen rettleier, underviser og støttar han leiarar og medarbeidarar, individ og grupper. Med tastaturet eller på scena er det ingen ulempe å være utdanna journalist og medievitar frå før. Nordlendingen flytta til Sandane med familien sin i 2022.
12. mars – Arbeidsmiljø
Ein balansekuns for leiarar. Kva gjer faktisk arbeidsmiljøet godt?
21. mai – Leiarrolla
Korleis og kvifor du leiar. Kven er du som leiar – eigentleg?
Gjennomført:
23. oktober – Kommunikasjon - I gode og vonde arbeidsdagar. Korleis veit du at ein medarbeidar slit?
27. november – Stress - Når det vert for mykje av det gode. Kvifor er det så vanskeleg å seie nei?
29. januar – Konflikt - Handtering og førebygging av uønska hendingar. Kor går grensa for kva som er akseptabelt?
Påmeldingsfrist er ei veke før alle oppsette kursa. Eksempelvis 16.10.25 for kurset 23.10.25 (Ved avbestilling etter vekesfristen, fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Sist oppdatert:
18.07.2024
Opp