Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

HMS for leiarar - 7 timar

Som leiar er du pålagt å ha opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Dette kurset gjev deg den kompetansen du treng for å ivareta arbeidsmiljøet på ein forsvarleg måte

17.11.2026

09:00 - 15:30

Kontora til Inviro - Moengården Aust (2 etasje)

HMS for leiarar – 7 timar
Kurset gjev leiarar praktisk og relevant kompetanse til å ivareta arbeidsmiljøet på ein forsvarleg måte.
Det vert gjennomført som fysisk samling, med vekt på dialog, erfaringsdeling og konkrete eksempel frå arbeidslivet.

Lovkrav
Etter arbeidsmiljølova § 3-5 pliktar arbeidsgjevar å gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.
Dette gjeld for alle verksemder som har tilsette, og opplæringsplikta ligg hos øvste leiar personleg. Etter arbeidsmiljølova § 3-2 gjeld dette opplæringskravet òg andre leiarar i verksemda («den som har til oppgåve å leie eller kontrollere andre arbeidstakarar»).
Kurset gjev leiarar den kompetansen som skal til for å oppfylle dette lovkravet.

Kva lærer du?
Deltakarane får innføring i:

  • Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter innan HMS-regelverket
  • Arbeidsgjevar sine plikter
  • Arbeidstakar sin rett og plikt til medverknad
  • Rolla og oppgåvene til verneombod og AMU
  • BHT si rolle
  • Inkluderande arbeidsliv
  • Systematisk HMS-arbeid
  • Arbeidsmiljøfaktorar
  • Arbeidsmiljø og relasjonar på arbeidsplassen

Gjennom kurset koplar deltakarane teori til eigen arbeidskvardag via praktiske oppgåver og diskusjonar.

Målgruppe
Kurset rettar seg mot leiarar på alle nivå.

Kursbevis
Etter fullført kurs får deltakarane kursbevis som dokumenterer oppfylt krav til HMS-opplæring for leiarar.

NB: Kurset dekkjer ikkje opplæringskravet for verneombod eller medlemmer av arbeidsmiljøutvalet (AMU), med mindre partane i verksemda er samde om at kortare opplæring enn 40 timar er forsvarleg ut frå risikoforholda.

Kursleiarar
Paul F. Henriksen er dagleg leiar i Einang Safety Consult AS, utdanna politi med vidareutdanning innan beredskapsleiing, krisehandtering og pedagogikk, og over tolv år frå politiet, mellom anna som etterforskingsleiar. Han har brei erfaring med å formidle HMS- og leiarfagleg innhald på ein praktisk og engasjerande måte.

Paul og Einang Safety Consult heldt dette kurset i Nordfjord  2025, og fekk då svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Praktisk informasjon:

  • Dato: 17. november 2026
  • Tid: 09.00–15.30
  • Stad: Kontorlokale til Inviro (Moengården Aust, 2-etasje)
  • Pris: kr 3 500 per deltakar (inkludert lunsj)
  • Påmeldingsfrist: 10. november 2026 (ved avbestilling etter 10. november blir 50 % av kursavgifta fakturert. Ved manglande oppmøte på kursdagen blir 100 % av kursavgifta fakturert)

Spørsmål?
Ta kontakt med oystein@inviro.no eller arild@inviro.no.

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
18.09.2026

Scroll top

Opp