Kunstig intelligens og Copilot skaper store moglegheiter, og verdien kjem ikkje frå verktøya åleine.
08.12.2026
09:00 - 14:00
Moengården Aust. Eidsgata 45 (kontora til Inviro)
Om kurset:
Verdien kjem når både leiing og ansatte klarer å kombinere teknologi, kompetanse, informasjon og kultur til betre arbeidsmåtar og betre tenester.
Dette er ein praktisk workshop for leiarar i privat og offentleg sektor som ønskjer å forstå korleis KI kan brukast på ein trygg, ansvarleg og verdiskapande måte.
Gjennom konkrete døme, diskusjonar og gruppearbeid får deltakarane innsikt i korleis Microsoft 365 og Copilot kan bidra til betre samhandling, meir effektiv kunnskapsdeling, raskare avgjerdsgrunnlag og redusert administrativ belastning.
Workshoppen har særleg fokus på utfordringar og moglegheiter som er relevante for verksemder og kommunar i Vestland.
Om kursleiar, Merethe Stave

Merethe Stave er Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay, Microsoft MVP innan Microsoft 365 og Copilot, og har over 15 års erfaring med å hjelpe verksemder med digital utvikling, kompetansebygging og innføring av ny teknologi.
Program for dagen
09:55–10:05 Pause
11:15–11:45 Lunsj
Kvifor delta?
• Auka digital kompetanse og tryggleik i leiarrolla og teamet
• Praktiske verktøy og sjekklister for struktur og tryggleik
• Konkrete døme og handlingsplan for å ta i bruk Copilot, samt få meir ut av Microsoft 365, i eiga verksemd
Ta med teamet
Vi tilrår at du som leiar tek med deg 2–5 personar frå eiga verksemd. Gjennom kurset jobbar de saman i gruppe for å lage ein konkret slagplan og aktivitetar som gir framdrift etter kurset. Slik sikrar de at læringa blir forankra og sett ut i livet i eiga verksemd.
Praktisk informasjon
Sist oppdatert:
16.10.2026
Opp