Det er mange som alllerede no ønskjer å melde seg på kursrekka i 2026/2027, så vi opnar dermed for påmelding no. Meir info om tid, stad og anna informasjon vil kome
15.09.2026
Dato / Tid vil kome.
Gymmen Scene - Nordfjordeid
Utvikling, refleksjon og inspirasjon for leiarar i endring
Etter ei svært vellukka kursrekke i både 2024/2025 og undervegs i 20205/2026, med heile 4,7 av 5 stjerner i deltakar-evalueringa på gjennomføringa i fjor, kjem leiarutvikling i fjorden tilbake med ny kursrekke og oppdatert innhald.
I vår region er det eit tydeleg behov for å styrkje kompetansen både hos erfarne leiarar og dei som er nye i rolla. Arbeidslivet er i rask utvikling – og leiarrolla følgjer med. Krava til å handtere endringar, motivere medarbeidarar og skape gode arbeidsmiljø aukar.
Gjennom fem samlingar tek organisasjonspsykolog og leiar Sindre Storvoll deg med inn i sentrale og krevjande tema for leiarar. Du får konkrete verktøy, rom for refleksjon og nyttige diskusjonar med andre leiarar frå regionen – alt i ein trygg og dynamisk ramme med maks 20 deltakarar per kurs.
Gjennom eit kursprogram i fem delar, vil leiar og spesialist i organisasjonspsykologi, Sindre Storvoll, utforske sentrale og krevjande tema for leiarrolla. Storvoll si tilnærming handlar om å utfordre, utvikle og utruste leiarar.

Sindre Storvoll er fødd nysgjerrig, trur menneske er skapte verdifulle, og drivast av å betre tilværa til andre. Psykologspesialisten har brei erfaring innan organisasjon, leiing og bedriftshelse i dei fleste psykososiale og organisatoriske sjatteringar. I kvardagen rettleier, underviser og støttar han leiarar og medarbeidarar, individ og grupper. Med tastaturet eller på scena er det ingen ulempe å være utdanna journalist og medievitar frå før. Nordlendingen flytta til Sandane med familien sin i 2022.
Samling 1, (dato vil kome) – Kommunikasjon
I gode og vonde arbeidsdagar. Korleis veit du at ein medarbeidar slit?
Samling 2, (dato vil kome) – Stress
Når det vert for mykje av det gode. Kvifor er det så vanskeleg å seie nei?
Samling 3, (dato vil kome) – Konflikt
Handtering og førebygging av uønska hendingar. Kor går grensa for kva som er akseptabelt?
Samling 4, (dato vil kome) – Arbeidsmiljø
Ein balansekuns for leiarar. Kva gjer faktisk arbeidsmiljøet godt?
Samling 5, (dato vil kome) – Leiarrolla
Korleis og kvifor du leiar. Kven er du som leiar – eigentleg?
Påmeldingsfrist er ei veke før alle oppsette kursa. (Ved avbestilling etter vekesfristen, fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Nettverk Nordfjord – Leiarar blir etablert som ei vidareføring av Leiarutvikling i Fjorden. I tillegg til kursrekka legg vi opp til ei årleg fagleg og sosial lunsj-til-lunsj-samling på hausten, der deltakarar frå alle kull/år med leiarutvikling sidan oppstarten kan delta.
På denne måten byggjer vi gradvis opp eit sterkt leiarnettverk i Nordfjord, der det kjem inn om lag 20 nye medlemmar kvart år, og der tidlegare deltakarar blir verande som del av eit større fagleg fellesskap.
Sist oppdatert:
30.01.2026
Opp