Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Fagdag med tema FRAMTIDAS BUSTADER

Rett bustad på rett plass er avgjerande for rekruttering, tilflytting og gode lokalsamfunn. Men kva bustader treng vi framover, og korleis får vi dei realiserte? Dette blir løfta fram og diskuterer på fagdagen Framtidas bustadar

17.09.2026

09:00 - 12:00

Nordplan AS, Lotevegen 21, Nordfjordeid

Nordplan, i samarbeid med Inviro, inviterer til fagdag med tema Framtidas Bustadar.

Rett bustad på rett plass er viktig for at folk skal velja å busetja seg og for at dei skal integrerast i lokalsamfunnet og ha gode kvardagsliv.

Skal næringslivet rekruttera dei beste, og behalde dei, er me avhengig av ein bustadmarknad som endrar seg i takt med nye behov. Har næringslivet ei rolle og eit ansvar i bustadutviklinga og kva rolle skal kommunane ta?

Me spør oss kva bustader me treng framover, for kven og korleis me får dei realisert. Me treng fleire bustader for einslege, unge og eldre. Me treng fellesområde der menneske kan møtast på tvers av generasjonar og livssituasjon. Me treng billigare bustader som gjer at fleire kjem seg inn på bustadmarknaden. Me treng bustader for både eige og leige.

Nordplan AS løftar desse problemstillingane saman med representantar frå Inviro, UNU AS, Stad kommune og Husbanken.

Program:

  • 09:00 - 09:05:  Velkommen til fagdag v/ Inviro
  • 09:05 - 09:20:  Nordplan – kven er me? v/Bjørn Myklebust/ Dagleg leiar Nordplan
  • 09:20 – 09:35:  Stoda i byggenæringa – korleis er den her lokalt? v/ Roger Rimstad, Avd.leiar for prosjektutvikling og salg, UNU AS
  • 09:35 – 0950:  Kva bustadbehov har kommunen framover? v/ Arild Vonheim, Næringskoordinator Stad kommune
  • 09:50 – 10:10:  Kaffipause
  • 10:10 – 10:40:  Kva bustader har me, kva treng me og korleis får me det til? v/ Aina Tjosås, samfunnsplanleggjar Nordplan
  • 10:40 – 11:00:  Kva prosjekt jobbar me med i Nordplan? v/ Live Melhus, Arkitekt Nordplan
  • 11:00 – 11:45:  Nytt frå Husbanken v/ Avdelingsdirektør Bjarte Bøe Alrek
  • 11:45 – 12:00:  Oppsummering og diskusjon
  • 12:00 - Lunsj

Praktisk informasjon:

Tid: Torsdag 17. september kl 0900-1200
Stad: Nordplan AS, Lotevegen 21, Nordfjordeid
Pris: Gratis


Påmelding innan 14.9 til Knut Bjørkhaug Welle, epost: kbw@nordplan.no tlf: 95473366

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
27.08.2026

Scroll top

Opp