Totalentreprise er den mest brukte kontraktsforma i byggje- og anleggsprosjekt i dag, og NS 8407 er standarden som styrer samspilet mellom byggherre og entreprenør
10.06.2026
09:00 - 15:30
Stokkenes Gjestegard (Nordfjordeid)
For å arbeide trygt og effektivt i slike prosjekt er det avgjerande å forstå korleis reglane er bygde opp, og korleis dei fungerer i praksis.
I dette kurset får du ei grundig innføring i NS 8407, med vekt på kva standarden betyr for både prosjektering, utføring og ansvarsfordeling. Du lærer kva leveringsplikter partane har, korleis endringar skal handterast, og korleis du sikrar ei god gjennomføring av prosjektet frå start til slutt. Kurset tek også for seg sentrale reglar frå NS 8417, mellom anna registreringsforretning, overtaking og reklamasjonsfristar.
Saman med kurset i samspelsentreprise gir dette deg eit solid grunnlag for å planleggje og gjennomføre totalentreprisar basert på NS 8407 på ein trygg og profesjonell måte.
Kurset dekkjer heile prosessen: frå rolla til byggherren og totalentreprenøren, til forsikring, garantiar, møteverksemd og samarbeid. Vi går gjennom korleis endringar og forseinkingar skal handterast, korleis betaling og vederlag blir fastsett, og kva som krevst i samband med overtaking og sluttoppgjer. Du får også ei praktisk innføring i korleis manglar og reklamasjonar skal følgjast opp, og korleis NS 8417 regulerer leveringsplikter, intervensjon og tvistar.
Kurshaldar:

Kurset blir leia av advokat, partnar og MBA Bent S. Kverme. Han har arbeidd med byggje- og anleggsprosjekt sidan 2002, og bistår både byggherrar, rådgjevarar og entreprenørar i forhandlingar, tvistesaker og løpande rådgjeving. Kverme har brei erfaring innan anskaffingar, entrepriserett, fast eigedom og forretningsjus, og er ein erfaren og etterspurd forelesar.
Han har ved fleire høve halde kurs i regionen i samarbeid med Inviro, og har gjennom dette bidrege til å styrkje kompetansen blant lokale aktørar. Dei siste åra har han arbeidd særleg med å utvikle enklare og meir praktiske samspelsmodellar som eignar seg både for små og større prosjekt.
Praktisk informasjon:
Dato: 10.06.26
Kl.: 09:00 - 15:30
Stad: Stokkenes Gjestgard (Stokkenesveien 20, 6770 Nordfjordeid)
Pris: 6290,- per deltakar
Påmeldingsfrist 03.06.26 (Ved avbestilling etter 03.06.26 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Sist oppdatert:
16.02.2026
Opp