Rådgjevarar spelar ei nøkkelrolle i byggje- og anleggsprosjekt. Arkitektar, prosjekterande, konsulentar og byggeleiarar har ulike roller, ansvar og plikter, og standardane NS 8401 og NS 8402 regulerer korleis dette skal handterast i praksis
09.09.2026
09:00 - 15:30
Stokkenes Gjestegard (Nordfjordeid)
For både rådgjevarar og oppdragsgivarar er det viktig å ha god kjennskap til regelverket.
I dette kurset får du ei praktisk og lettfatteleg gjennomgang av rådgjevaransvaret, og korleis standardkontraktane er bygde opp. Vi går gjennom kva forpliktingar rådgjevaren har, korleis oppdraget skal organiserast, og kva som gjeld ved feil, reklamasjonar, endringar, forseinkingar og erstatningsansvar. Kurset tek også for seg relevant rettspraksis, inkludert fleire viktige avgjerder frå Høgsterett som påverkar dagens forståing av rådgjevaransvaret.
Kurset passar både for rådgjevarar som skal levere tenester, og for oppdragsgivarar, byggherrar og entreprenørar som engasjerer rådgjevarar og ønskjer betre innsikt i rammene som regulerer arbeidet. Målet er å gi deltakarane tryggleik og oversikt over dei viktigaste reglane ein må kunne når ein jobbar etter NS 8401 og NS 8402.
Gjennom kurset går vi gjennom mellom anna bruksområda for standardane, rolla til ulike typar rådgjevarar, innhaldet i kontrakten, krav til organisering, bruk av medhjelparar, gruppekontraktar, framdrift, forseinking, dagmulkt, erstatning og sluttoppgjer. Vidare ser vi på handtering av prosjekteringsfeil, varsling, justering av vederlag, prisformat og avbestilling. Kurset gir eit heilskapleg bilde av korleis rådgjevarkontraktar fungerer både juridisk og praktisk.
Kurshaldar

Kurset blir halde av advokat, partnar og MBA Bent S. Kverme. Han har arbeidd med byggje- og anleggsprosjekt i over 20 år, og bistår både byggherrar, rådgjevarar og entreprenørar med rådgjeving, forhandlingar og tvistesaker. Kverme har særleg erfaring innan anskaffingar, entrepriserett og fast eigedom, og er ein erfaren kurshaldar innan desse fagområda.
Han har ved fleire høve gjennomført fagkurs i regionen i samarbeid med Inviro, og har med det bidrege til kompetanseutvikling for aktørar i både små og mellomstore prosjekt. Dei siste åra har han også arbeidd aktivt med å utvikle meir praktiske og forenkla samarbeidsmodellar i byggjeprosjekt.
Praktisk informasjon:
Dato: 09.09.26
Kl.: 09:00 - 15:30
Stad: Stokkenes Gjestgard (Stokkenesveien 20, 6770 Nordfjordeid)
Pris: 6290,- per deltakar
Påmeldingsfrist 02.09.26 (Ved avbestilling etter 03.06.26 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Sist oppdatert:
16.02.2026
Opp