TechPub Nordfjord samlar fagfolk, verksemder og teknologiinteresserte til ein uformell kveld med faglege innlegg, mat og gode samtalar på Magnifikk på Nordfjordeid.
29.04.2026
17:30 - 19:45
Magnifikk - Nordfjordeid
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er utviklar, gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar.
Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling med “tech-prate-start”
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft Tech Community og Anne Mette Hjelle, IT-forum Vest
18:05 - 18:25 Altinn 3 - kva er det? Høyr om nye Altinn, kva det går ut på og kva som skjer vidare ved Livar Bergheim i Digdir
18:25 - 18:35 Møt ny adm. dir. i Normatic, André Narud Simonsen. Han tek oss med inn i teknologien bak Normatic – frå webbasert driftskontroll og prosesstyring til systemintegrasjon og programvare som held avanserte anlegg i gang døgnet rundt.
18:35 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.15 Norsk KI-strategi uten algoritmetilsyn: Eit innblikk i korleis norske myndigheiter skildrar styring av kunstig intelligens, og kva forventningar og bekymringar som blir løfta i nasjonale strategier v/Eirin Kjerstad Bøe, seniorkonsulent i Politiet
19:15 - 19:45 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord19:45 - Mingling og prat rundt bordet
Arrangementet er gratis og TechPub fortsett etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Arrangørane er IT-Forum Vest - og vi i Inviro er så heldige at vi får vere med som samarbeidspartner.
Ein kan sjølvsagt berre dukke opp på Techpub, men det er supert om du melder deg på så vi veit kor mange vi skal kjøpe inn mat til. På TechPub #4 er det Normatic AS som er med å sponsar pizza.
Sist oppdatert:
03.03.2026
Opp