Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Kurs i presentasjonsteknikk - Gratis kurs - opent for alle.

08.06.2026

09:00 - 11:30

Eid VGS

I dette kurset får du praktiske tips og enkle verktøy for å lage gode presentasjonar i PowerPoint og for å gjennomføre sjølve framføringa på ein trygg og engasjerande måte.

Kurset tek for seg:
•    Korleis du byggjer opp ein presentasjon med tydeleg bodskap og struktur
•    Bruk av bilete, fargar og grafiske element for å forsterke innhaldet
•    Korleis du unngår dei vanlege PowerPoint-fellene
•    Retoriske verkemiddel og kroppsspråk i presentasjonssituasjonar
 

Læringsutbytte:

Etter kurset vil du sitje att med nyttige råd og inspirasjon til å lage presentasjonar som treff, engasjerer og blir hugsa, samtidig som du lærer korleis du kan handtere nervøsitet og spørsmål frå salen på ein trygg måte.

Kari Eldby Rygg - StudieHub - Fjordane Studiesenter

 

Om kurshaldar: 
Kari Eldby Rygg har mastergrad i spesialpedagogikk og har vore studiesenterleiar sidan oppstarten av StudieHub i 2023. Ho har ein solid bakgrunn frå utdanningssektoren, med brei erfaring frå undervisning, leiing og fagutvikling i grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning.
Gjennom mange år som lærar og formidlar har Kari utvikla eit særleg engasjement for korleis ein når fram med bodskap - både i klasserom og i offentlege samanhengar. 

Kari er opptatt av korleis ein kan bruke struktur, aktive læringsformar, teknologi, språk, bilete og kroppsspråk til å skape formidling som verkeleg treff. 

Kari har allereie gjennomført kurset for over 30 deltakarar i Molde med svært gode tilbakemeldingar.

Praktisk informasjon:

  • Dato: 08. juni 2026
  • Klokkeslett: 09:00 – 11:30
  • Lokasjon: Eid VGS
  • Pris: gratis for alle
  • Påmeldingsfrist: 07.06.26
  • Kurshaldar: Kari Eldby Rygg, fra StudieHub - Fjordane Studiesenter
     

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
02.12.2025

Scroll top

Opp