FIRST LEGO League går av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 7. november 2026.
07.11.2026
10:00 - 16:00
Operahuset Nordfjord
FIRST LEGO League går av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 7. november 2026.
Vi har plass til 15 lag, og håpar også i år å fylle Operahuset med born og unge til ein lærerik, spennande og kjekk dag med teknologi, kreativitet og samarbeid i sentrum.
Vi ønskjer at vener, familiar og andre interesserte tek turen for å heie fram laga og bidra til å gjere dagen ekstra stas for deltakarane.
Det er gratis inngang, og kiosken er open gjennom dagen.
Realfag og teknologi
FIRST LEGO League (FLL) skal styrke interessa for realfag, teknologi og innovasjon blant born og unge.
I Nordfjord og Sunnfjord er det hovudsakleg FLL Challenge vi arrangerer – for ungdomsskuleelevar i alderen 10–16 år. Samtidig har også fleire yngre deltakarar frå barneskulen vore med, og opplevd ein lærerik og svært kjekk dag i Operahuset.
Gjennom 8–10 veker arbeider elevane praktisk med teknologi, programmering og problemløysing. Dei utforskar utfordringar frå verkelege samfunnsproblem og utviklar innovative løysingar på problem ingen vaksne har fasitsvaret på.
Elevane designar og programmerer ein LEGO®-robot som skal løyse ulike oppdrag, samtidig som dei forskar på ei sjølvvald problemstilling knytt til årets tema.
Arbeidet blir presentert på turneringsdagen, der laga møter andre ungdomar som har arbeidd med same tema og utfordringar.
NB: Der blir arrangert eit gratis kurs for alle skular og lærarar om First Lego League på Nordfjordeid. Les meir om dette kurset her: https://inviro.no/aktivitetskalender/kurs-i-first-lego-league
Ca 200 born og unge deltek på FLL-turneringa i Operahuset Nordfjord.

Gjennom førebuingsperioden og på sjølve turneringsdagen konkurrerer laga i tre kategoriar:
Laga presenterer prosjektet sitt og den innovative løysinga på ei sjølvvald problemstilling.
Laga viser fram robotdesign, programmering og korleis roboten løyser oppdraga i robotkonkurransen.
Laga fortel korleis dei har samarbeidd og brukt kjerneverdiane i arbeidet med prosjekt og teknologi.
Kvart år blir årets oppdrag lansert i september. Deretter har skulane 8–10 veker på å utvikle prosjekt, robotløysingar og presentasjonar før finaledagen i Operahuset Nordfjord i november.
FLL gir elevane erfaring med samarbeid, kreativitet, teknologi og problemløysing – gjennom praktisk arbeid og utforsking.
FLL i Nordfjord og Sunnfjord blir gjennomført i samarbeid med ei rekkje lokale og regionale partnarar som bidreg med økonomisk støtte, kompetanse og ressursar:
Vi vil også rette ein stor takk til alle dommarane som år etter år stiller opp på dugnad og gjer ein viktig og fantastisk innsats for arrangementet.
Har du spørsmål om FIRST LEGO League i Nordfjord og Sunnfjord?
Ta kontakt med prosjektleiar Arild Hjelmeland i Inviro:
arild@inviro.no
Les meir om FIRST LEGO League:
https://www.hjernekraft.org/no
Sist oppdatert:
20.06.2024
Opp