First Lego League går i år av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 08. november 2025. Vi har plass til 15 lag, og håpar at vi også i år skal fylle Operahuset med born og unge til ein fantastisk kjekk dag. Vi håpar så mange vener, famile og andre vil stille opp for å heie og bidra til å gjere denne dagen ekstra stas for borna/ungdomen. Gratis inngang og kiosk.
08.11.2025
10:00 - 16:00
Operahuset Nordfjord
Realfag og teknologi
FLL har til hensikt å fremme interessa for realfag og teknologi hos born og unge i alderen 4-16 år (På FLL i Nordfjord og Sunnfjord fokuserer vi på FLL Challenge som er frå 10-16år, og i all hovudsak for ungdomsskular).
Gjennom 8-10 veker får barna/ungdommen oppleve ei praktisk tilnærming til realfag og teknologi. Dei får utforske utfordringar frå det «verkelege livet» og finne innovative løysingar som ingen vaksne veit svaret på.
Dei får designe og programmere en LEGO®-robot til å løyse utfordingar.
Dei får forske på ein eigenvalt problemstilling som dei vaksne ikkje sitt på svaret på.
Dei får vise fram arbeidet dei har lagt ned på turneringsdagen, der dei også møter andre lag som har arbeida med same tema og problemstillingar.

Tre kategoriar
Gjennom dei førebuande vekene og ikkje minst på konkurransedagen samarbeida dei om å konkurrere i kategoriane; Prosjekt, Teknologi og Kjerneverdiar
Sjølve oppdraget blir lansert kvart år i september, deretter har skulane 8-10 veker på å jobbe fram prosjekta før ein har ein finaledag i Operahuset Nordfjord i november.
Vi må få rette ein stor takk til våre samarbeidspartnerar, som bidreg både økonomisk og med tid og ressursar for å få gjennomført FLL i Nordfjord:
Eid Vidaregåande skule, Sparebanken Norge, Sparebank1 Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tekna, Equinor, Nordfjordkompaniet, Åsen&Øvrelid, Stryvo, Coast, Enivest, Paneda, Convene, og Eid Elektro.
Og ikkje minst må vi også rette ein stor takk til alle dommarane som år etter år stiller opp på dugnad og gjer ein fantastisk innsats.
Ta kontakt med prosjektleiar Arild Hjelmeland i Inviro om du har spørsmål (Arild@inviro.no)
Sist oppdatert:
20.06.2024
Opp