Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Program og påmelding for Fagsamlingsdagen elektro- og automasjonsbransjen 2025 er no klart.

Årets fagsamlingsdag for elektro- og automasjonsbransjen blir gjennomført i Operahuset Nordfjord 05.11.25.

05.11.2025

09:15 - 16:15

Operahuset Nordfjord

Fagsamlingsdagen for elektro- og automasjonsbransjen 2025

For fjerde året på rad invitera Inviro og NHO Elektro Sogn & Fjordane til bransjetreff for elektro- og automasjonsbransjen i regionen.
Arrangementet blir gjennomført i Operahuset Nordfjord 05. november 2025.
Målsettinga er at vi skal samle heile bransjen for ein felles dag med kurs, relevante foredragshaldarar, messe, fagprat og nettverksbygging.

Årets program:

  • 09:15 - 11:15 - DLE montørmøte med Linja AS v./Tor-Helge Rasmussen og Paul Arne Fjerdingren (gratis for alle)
     
  • 09:30 - 11:15 - FSE kurs Instruert Personell (690,- per pers)
     
  • 11:15 - 12:30 - Lunsj + leverandørmesse med 20+ leverandørar frå Onninen (lunsj er gratis for dei som deltek på minimum eit kurs)
     
  • 12:30 - 14:15 - Førstehjelpskurs inkl. opplæring på hjartestartar (890,- per pers)
     
  • 14:15 - 14:30 - Pause
     
  • 14:30 - 16:15 - FSE kurs Ordinær (690,- per pers)

* ‎Målbedrifter i næringshageprogrammet kan få inntil 60% rabatt (gjeld begge kurs)
** Medlemmar i Inviro eller NHO Sogn og Fjordane får 10% rabatt (gjeld begge kurs)
(rabattane kan ikkje kombinerast)

Kontakt:

Ta kontakt med Arild Hjelmeland i Inviro om du har spørsmål eller kommentarar: 

E-post: Arild@inviro.no 

Telefon: 456 00 526

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
07.02.2025

Scroll top

Opp