Bent Kråkenes frå Nordvestvinduet er valt inn i styret til Inviro dei komande to åra.
Inviro gjennomførte generalforsamling 13.06.24 i lokala til Inviro på Nordfjordeid.
Innstillinga frå valnemnda på styret til Inviro vart vedteke, og med det kom Bent Kråkenes frå Nordvestvinduet inn i styret, medan Geir Magne Heggen frå Stryvo (avd. Oslo) gjekk ut.
Geir Magne har vore ein viktig støttespelar dei siste to åra i Inviro-styret, men då han har flytta til Oslo, vart det utfordrande å fortsette i styret. Vi takkar så mykje for tid, energi og gode innspel / råd dei siste to åra, og ønskjer Geir Magne lykke til med nye utfordringar i hovudstaden.
Det er samstundes stor stas å få inn personalleiar / HR manager Bent Kråkenes frå Nordvestvinduet inn i styret. Gjennom dei siste fire åra har Inviro lært å kjenne Bent som ein svært kunnskapsrik person, som brenn for kompetanse, utvikling og lokal verdiskaping. Velkomen skal du vere.
Sist oppdatert:
20.06.2024
Opp