Inviro er stolt over aktivitetsprogrammet til Kompetanse i Fjordane, ei satsing for å styrkje lokal kompetanseutvikling i Nordfjord-regionen.
Kompetanse i Fjordane – Inviro satsar på lokal utvikling
Gjennom dette initiativet ønsker vi å vere ein pådrivar for lokal verdiskaping ved å tilby relevante læringsarenaer og nettverk.
I ein region med stor breidde i næringslivet – frå industri og teknologi til reiseliv og havbruk – er kontinuerleg kompetanseutvikling avgjerande for å sikre vekst og omstillingsevne.
Teknologiske endringar, auka krav til berekraft og behovet for meir spesialisert arbeidskraft gjer det viktigare enn nokon gong å satse på fagleg påfyll og utvikling av nye ferdigheiter.
Samtidig veit vi at det å delta på kurs og kompetanseheving ofte inneber store kostnadar for både bedrifter og tilsette, spesielt når det krev reising og fråvær frå arbeidsplassen. Difor legg Kompetanse i Fjordane vekt på lokale tilbod som gjer det enklare for bedrifter å investere i eigne folk, utan at det går ut over dagleg drift. Mindre tid brukt på reising betyr meir effektiv bruk av ressursar og ein meir tilgjengeleg kompetanseutvikling for alle – uansett bransje og storleik på verksemda.
Inviro ønskjer i all hovudsak å nytte lokale kurshaldarar for å styrkje kompetansemiljøa i regionen og skape varige ringverknader for næringslivet. Dersom lokal kompetanse ikkje er tilgjengeleg, hentar vi inn ekspertise utanfrå for å sikre at kurs og opplæring held høg kvalitet. Lokal kompetanseheving skal ikkje gå på kompromiss med fagleg standard – tvert imot skal det vere eit konkurransefortrinn for regionen.
For meir informasjon om Kompetanse i Fjordane, ta kontakt med Ida Kvaalen eller Arild Hjelmeland i Inviro.
Gjennom Kompetanse i Fjordane forsterkar Inviro si rolle som ein sentral aktør i å leggje til rette for læring og samarbeid på tvers av bransjar. Vi oppmodar bedrifter og enkeltpersonar til å ta del i satsinga.
Les konkret kva vi tilbyr HER
Sist oppdatert:
03.03.2025
Opp