Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Vi lanserer Nordfjordboka!

I ei tid der stadig meir vert digitalt og vi lever i ein informasjonsoverflod, vel vi medvite å gå litt mot straumen.

Marknadsføring, profilering og lokal verdiskaping

Nordfjordboka er ei fysisk bok – eit kvalitetsprodukt produsert i Nordfjord – som er meint å liggje framme, bli bladd i og brukt. I boka finn du eit breitt spekter av små og store verksemder frå heile Nordfjord, presenterte på ein ryddig og profesjonell måte.

Erfaring viser at det som er fysisk, synleg og tilgjengeleg i kvardagen, ofte blir brukt oftare enn det som «ligg ein stad på nett». Nordfjordboka er meint å liggje på pulten, i møterommet eller i pauserommet, og vere det naturlege første stoppet neste gong du eller bedrifta di treng ei teneste eller eit produkt.

Praktisk informasjon

Pris for deltaking:

  • Alternativ 1: Får tilsendt MAL - Fyller sjølv inn informasjon. Ei side i boka + 2 eksemplar av boka: pris: 4890,- (+mva)
  • Alternativ 2: Inviro lagar til eit utkast for bedrifta + gjennomgang på teams. Estimert 2 timar a 1365,-. Ei side i boka + 2 eksemplar av boka. Pris 7620,- (+mva)

Nordfjordboka vert gjeven ut annankvart år, og det er høve til å oppdatere innhaldet på eiga side før kvar ny utgåve.

Boka blir produsert og redigert av Repix AS på Reed.

Målsettinga er at Nordfjordboka skal lanserast hausten 2026.

Eit enkelt mål – stor effekt

Målet er enkelt: Nordfjordboka skal bidra til meir lokal verdiskaping gjennom betre oversikt, sterkare samarbeid og kortare avstand mellom kjøpar og leverandør.

Når vi handlar regionalt, bidreg vi til fleire oppdrag, auka omsetnad, nye arbeidsplassar – og eit sterkare næringsliv i Nordfjord.

For å kjøpe di side i boka: KLIKK HER

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
19.01.2026

Scroll top

Opp