Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Avslutningssamling for «Leiarutvikling i Fjorden»

Gjennom fem samlingar har nesten 20 engasjerte leiarar frå ulike bransjar og verksemder i regionen vore med på ei reise i leiarskap, relasjonsbygging og personleg vekst.

Om programmet

Kurset er eit samarbeid mellom Inviro, Stryn Næringshage og fagleg ansvarleg Sindre Storvoll. Målet har vore å styrke leiarkompetansen i regionen gjennom praktisk læring, refleksjon, deling og mot til å stå i utvikling.

Dette har vi jobba med:

  • Bygging av sterke relasjonar på tvers av verksemder og bransjar
  • Utvikling av eigen leiarrolle og eigne styrkar
  • Tema som: kommunikasjon, stress, arbeidsmiljø, konflikt, kultur, endring og retning
  • Refleksjon og konkret handling i eigen arbeidshverdag

Tilbakemeldingar frå deltakarane:

  • «Inspirerande og lærerikt. Likte forma på kurset med tanke på tid og ulike pakkar gjennom året, samt uformell plass som gymmen. Godt innhald og veldig treffande på det ein ser kan bli behov for.
  • «..Det har også vore verdfullt å få gjere desse øvingane saman med andre leiarar, for det har gitt høve til ytterlegare andre perspektiv og direkte tilbakemeldingar»
  • «Veldig fint lagt opp med samlinger på kun 1 dag fordelt utover. Det gjør det mulig å delta på kurs i en ellers hektisk hverdag. Viktige og absolutt relevante tema som er satt opp. Fint å få konkrete verktøy. Fin mulighet til å bygge nettverk, og dele erfaringer og drøfte problemstillinger med folk som står i mye av de samme utfordringene vi kan kjenne på»

Takk for innsatsen!

Vi takkar alle deltakarane for innsatsen, engasjementet og viljen til å utvikle seg sjølve og dei rundt seg. De har vist kva god leiing handlar om – i praksis!

Vegen vidare

Nettverket som har vorte danna gjennom programmet vil bestå, og det blir ei ny samling seinare – med fokus på å knyte teori til praksis.

Ny kurs-rekke

I tillegg planlegg vi ei ny kursrekke med oppstart til hausten, og håpet er å få med ytterlegare 20 leiarar (eller framtidige leiarar). Slik byggjer vi eit solid leiarnettverk i Nordfjord – på tvers av kommunegrenser og bransjar 

Meir info om dette kjem - Ønskjer du allereie no å melde di interesse? Ta kontakt med Arild@inviro.no

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
20.05.2025

Scroll top

Opp