Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Refleksjon ved ferietid – fem år med Inviro

Dette er ei milepæl vi er stolte av. Dessverre er det ikkje mange bedrifter som overlev dei første fem åra (ca. 27%). At vi står her – i vekst, med eit sterkt team, eigarar som backar oss og gode samarbeidspartnarar – tyder på at det vi gjer, har verdi for Nordfjord.

Kva er Inviro?
Vi får framleis spørsmål om kven vi er og kva vi driv med. Det er forståeleg – i eit informasjonssamfunn fullt av støy kan det vere krevjande å nå ut. Så her kjem ei kort oppsummering for deg som lurer :) 

Inviro starta som eit forprosjekt i 2019, med støtte frå Vestland fylke og initiert av elleve næringsaktørar i Nordfjord. Målet var å vurdere om ein ny aktør kunne bidra til å styrke spesifikke områder knytt til lokal verdiskaping. I 2020 vart selskapet «Nordfjordeid Næringshage» omdøypt til Inviro, gjennom ein emisjon gjekk selskapet frå 8 til 28 eigarar, og dagleg leiar vart tilsett. I dag er vi fem tilsette: Arild Hjelmeland, Ida Kvaalen, Ove Bjørlo, Kari Eldby Rygg og Øystein Nes.
Styret er samansett av næringslivsaktørar frå regionen, med Tore Hjelle frå Eid Elektro som styreleiar.

Kva vi jobbar med
Vår daglege verksemd er tredelt – men alt heng saman:

1. Klyngeleiar
Inviro har ca. 80 bedrifter frå heile Nordfjord som er tilknytta selskapet enten som eigar, medlem eller målbedrift. Vi legg til rette for fagleg og sosial samhandling gjennom arrangement og møteplassar som t.d.:
•    NordfjordTreffet – regionens største nettverks- og rekrutteringsarena
•    Fagsamlingsdagen for elektro og automasjon – foredrag, kurs og nettverk
•    Nettverk Nordfjord – årleg samling for over 140 næringslivsaktørar
•    Leiarutvikling i Fjorden – leiarutviklingsprogram og leiarnettverk
•    Kompetanse i Fjordane – kurs levert lokalt i Nordfjord
•    Nordfjordkonferansen – næringslivskonferanse
•    First Lego League og TECH-jenter – for å vekkje interessa for teknologi, realfag og yrkesfag hos barn og unge

Målet er å skape samarbeid på tvers av bransjar, byggje nettverk, heve kompetanse og vekkje interesse for realfag og yrkesfag blant barn og unge.
I tillegg er vi årleg prosjektleiarar, samarbeidspartner eller støttespelar på mellom 40-60 prosjekt.
Les meir om Inviro her: https://inviro.no/om-inviro 

2. Studiesenter
StudieHub – Fjordane studiesenter, etablert i 2023, var det første studiesenteret i Vestland fylke. Vi jobbar for å legge til rette for livslang læring uavhengig av livssituasjon– mellom anna slik at ein kan ta høgare utdanning også om ein er godt vaksen, i jobb og har familie. Utdanningsspennet er stort; alt frå sjukepleiar, fagskuleingeniør, berekraftig matsystem, logistikkoordinator til kunstig intelligens m.m.
Les meir om StudieHub og utdanningane her: https://studiehub.no/utdanningar-og-arrangement 

3. Næringshage
Næringshageprogrammet er eit nasjonalt initiativ, leia av SIVA og VLFK, retta mot små og mellomstore bedrifter i distrikta, med mål om å fremje vekst og innovasjon. Saman med Mogleg (tidlegare Stryn NH) driv vi programmet Næringshagane i Nordfjord. Samla sett har vi ca. 90 målbedrifter som vi hjelper med smått og stort.  Gjennom programmet tilbyr vi utviklingsrelaterte tenester som bedriftsrådgiving, hjelp til utvikling av forretningsidéar, marknadsplanlegging, nettverksbygging og internasjonalisering til ein subsidiert kostnad.
Les meir om næringshagen her: https://inviro.no/naeringshageprogrammet 

Vegen vidare - dei komande 5 åra (?)
Kompetanseutvikling i både privat og offentleg sektor er blant våre viktigaste satsingar framover. Målsettinga vår er Inviro skal vere eit kompetansesenter for Nordfjord, og vi arbeider for å etablere eit «distrikts-campus» i regionen.
Av dei sju regionane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er Nordfjord den einaste utan ein etablert institusjon med brei kompetanseprofil – Men, Fagskulen Vestland har ei viktig avdeling i Måløy (marin og maritim retning).

(Region, innbyggjarar*, institusjon)

  • Sogn (37 500*): HVL – Campus Sogndal
  • Sunnfjord (39 000*): HVL – Campus Førde og Fagskulen Vestland
  • Nordfjord (33 000*): Fagskulen Vestland (Måløy, marin/maritim)
  • Søre Sunnmøre (53 000*): Høgskulen i Volda
  • Sunnmøre (151 000*): NTNU i Ålesund
  • Romsdal (60 000*): Høgskulen i Molde
  • Nordmøre (54 000*): Campus Kristiansund

Det er fantastiske moglegheiter til å få kompetanseheving i den utvida regionen, og vi har ikkje som mål å hente ein eksisterande campus til Nordfjord – men vi har som målsetting å etablere eit Campus Nordfjord i regionen, som i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og kurstilbydarar over heile landet skal levere tilbod med høg kvalitet, levert lokalt, i samarbeid med StudieHub og Inviro. Det dei har fått til med Campus Kristiansund er ein inspirasjon for dette arbeidet - Eit politisk forankra regionalt kompetansesenter som samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar og kurstilbydarar for å tilby relevante og framtidsretta utdanningar og kompetansetiltak – nær folk.


Tusen takk til alle som har vore med på reisa så langt. Vi gler oss til å ta fatt på dei neste fem åra!


God sommar frå oss i Inviro
 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
03.07.2025

Scroll top

Opp