Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Underentrepriser - Med skråblikk mot Stad Skipstunnel (NS8417 og NS8415)

Hovudkontrakten i Stad Skipstunnel vil vere basert på NS 8407, og det er venta at kontraktane med underentreprenørane blir baserte på NS 8417 eller NS 8415.

25.03.2025

09:00 - 16:00

Nordfjord Hotell

Kurs i NS 8417 og NS 8415 

Totalunderentreprise og underentreprise 

Vi håper at lokale entreprenørar får bidra i betydeleg grad når Stad Skipstunnel skal byggjast. Det er derfor viktig å vere godt førebudd når hovudentreprenøren bankar på døra og ønskjer hjelp. 

Kystverket har varsla at dei vil bruke NS 8407 i kontrakten med hovudentreprenøren. Hovudentreprenøren vil mest sannsynleg bruke NS 8417 eller NS 8415 i kontraktane med underentreprenørane. 

Sjølv om NS 8407 og NS 8417 i stor grad er like, er det viktige forskjellar du må kjenne til og etterleve. Vi tilbyr derfor kurs i NS 8417 totalunderentreprise og NS 8415 underentreprise. 

Kurset vil vere godt eigna for alle som skal arbeide under ein kontrakt basert på NS 8417 eller NS 8415/16, uavhengig av om det gjeld Stad Skipstunnel eller andre spennande prosjekt. 

Kurshaldar 

Advokat/partnar/MBA Bent S. Kverme 

Kverme har arbeidd med byggje- og anleggsprosjekt sidan 2002 og har bistått både byggherrar, rådgivarar og entreprenørar i utallige tvistar for domstolane, samt med ordinær rådgjeving innan faga anskaffingar, byggje- og anleggskontraktar, fast eigedom og allmenn forretningsjus. 

Han underviser i desse fagområda, og dei siste åra har han særleg engasjert seg i utviklinga av enklare samspelsmodellar som kan brukast i alt frå små til mellomstore prosjekt. 

Program for dagen 

09:00 – Generell innleiing 

  • Byggherre (BH), totalentreprenør (TE), underentreprenør (TUE eller UE)
  • Kva er krava til prosjektering og utføring? 

09:30 – Totalentreprenøren (TE) si leveringsforplikting 

  • Krav til TE si prosjektering
  • Det fysiske arbeidsunderlaget
  • Betaling og anna medverknad 

10:15 – Pause 

10:30 – Underentreprenøren (TUE eller UE) si leveringsforplikting 

  • TUE si prosjektering
  • TUE og UE si utføring
  • Anna medverknad 

11:30 – Lunsj 

12:15 – Gjennomføring av prosjektet og arbeida 

  • Forsikring og garanti
  • Møte, lojalitet og samarbeid
  • Helse, miljø og sikkerheit
  • Framdriftsplan
  • Kontrollar, målingar og dokumentasjon av utført arbeid 

12:45 – Forstyrringar 

  • Forsinkingar og redusert produktivitet (plunder og heft)
  • Intervensjonsreglane 

13:15 – Pause 

13:30 – Forstyrringar (held fram) 

  • Endringar og tillegg
  • Varslingsreglane 

14:00 – Vederlag og betaling 

  • Avtalt pris – fastpris, einheitsprisar eller rekneskapsarbeid
  • Framdriftsplan og betalingsplan, a-konto
  • Fakturaplan
  • Inneståande
  • Sluttfaktura 

14:30 – Pause 

14:45 – Registreringsforretning og overtaking 

  • Registreringsforretning
  • Førebuing til overtaking
  • Overtakingsforretninga 

15:15 – Reklamasjon, manglar og tvistehandtering 

16:00 - Avsluttning

Pris: 5.900,-

Framleis ledige plassar.

Utvida påmeldingsfrist til 24.03.25 (Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
13.02.2025

Scroll top

Opp