Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Tollkurs - i samarbeid med advokat Martin Berntzen.

Inviro inviterer, i samarbeid med advokat Martin Berntzen Often fra KPMG Law, til et lærerikt og praktisk rettet tollkurs.

24.11.2026

09:00 - 16:00

Moengården Aust, Eidsgata 45, Nordfjordeid (kontoret til Inviro)

Tollkurs med advokat Martin Berntzen Often, KPMG Law

Driv verksemda di med import eller eksport, eller har du ansvar for logistikk og kontraktar? Inviro inviterer til eit praktisk tollkurs med advokat Martin Berntzen Often frå KPMG Law Advokatfirma. Martin blir rekna som ein av dei fremste ekspertane i Noreg på toll og grensekryssande handel, og har tidlegare gjennomført kurs i i Nordfjord i samarbeid med Inviro med svært gode tilbakemeldingar.

Gjennom dagen får du oppdatert kunnskap om tollregelverket, korleis handelen med EU fungerer, og kva dei nye EU-krava betyr for norske verksemder. Du får og konkrete tips til korleis du set opp gode leveringskontraktar.

Program

  • 09:00–10:00 Introduksjon: kva skjer i verda no?
  • 10:00–12:00 Kva er toll, og korleis fungerer det? Ein introduksjon til regelverket og korleis det blir brukt i praksis
  • 12:00–13:00 Lunsj og diskusjon
  • 13:00–14:00 Noreg og EU: korleis fungerer regelverket mot vår største handelspartnar?
  • 14:00–15:00 EU, framhald: CBAM, «Temu-skatten» og emballasjeforordninga. Korleis skal norske verksemder handtere stadig strengare krav?
  • 15:00–16:00 Leveringskontraktar: korleis byggjer du opp ein god kontrakt, med rett bruk av Incoterms?

Om Martin

 

Martin Berntzen Often er advokat, Head of Customs and Trade og director i avgiftsgruppa til KPMG Law, og ein av dei fremste ekspertane i landet på toll og grensekryssande handel. Han har bakgrunn frå Tolletaten, Skatteetaten, NHO Logistikk og Transport og BULL Advokatfirma, og kjenner difor både korleis styresmaktene tenkjer og kva verksemdene møter i kvardagen.

Han har vore ei tydeleg stemme i reformarbeidet på tollområdet og var konsulent på fagboka Innføring i tollavgift og vareførsel. Martin er ein engasjert føredragshaldar som kjenner import og eksport frå innsida, frå kontraktsarbeid til rett bruk av Incoterms.

Fagområde: meirverdiavgift, tollavgift, særavgift, handel, eksportrestriksjonar og logistikk.

Kvifor delta?

  • Få oversikt over gjeldande regelverk og prosessar
  • Lær grep som kan spare verksemda for tid og pengar
  • Hald deg oppdatert på politiske endringar som påverkar toll og handel
  • Still spørsmål direkte til ein advokat med toll som spesialfelt

Praktisk informasjon

  • Dato: Tysdag 24. november 2026
  • Tid: 09:00–16:00
  • Stad: Moengården Aust, Eidsgata 45, Nordfjordeid (kontoret til Inviro)
  • Pris: 5 900 kr per deltakar, lunsj inkludert
  • Påmeldingsfrist: 17. november 2026. (Ved avbestilling etter 17.11.2026 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Vi tilrår å sikre deg plass tidleg – dette er eit kurs som både nybyrjarar og erfarne deltakarar får stort utbyte av.
Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til ein dag full av nyttig kunnskap og gode diskusjonar!

Har du spørsmål? Ta kontakt med Øystein eller Arild i Inviro.

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
14.08.2025

Scroll top

Opp