Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Tollkurs - i samarbeid med BULL advokatfirma

Inviro inviterer, i samarbeid med advokat Martin Berntzen Often fra BULL Advokatfirma, til et lærerikt og praktisk rettet tollkurs på Nordfjord hotel

02.10.2025

09:00 - 16:00

Nordfjord Hotel

Kurset gir deg oppdatert kunnskap om gjeldande regelverk, tollprosessar og praktiske tips for å handtere internasjonal handel – enten du arbeider med import, eksport eller har ansvar for logistikk og kontraktar.
Vi deler dagen inn i ein grunnleggande del og ein vidaregåande del, slik at du kan velje om du vil delta heile dagen eller berre den delen som passar best for ditt behov.

Program for dagen

Grunnleggande del

08:30–09:00 – Morgonkaffi og registrering
09:00–10:00 – Kva er toll? Politisk situasjon, utvikling og mediebiletet
10:15–12:00 – Introduksjon til regelverk og tollprosessar: Korleis fungerer systemet, og kva bør du vere merksam på?
12:00–13:00 – Lunsj (alle får lunsj inkludert i prisen)

Vidaregåande del

13:00–14:00 – Handel med EU: Toll- og avgiftshandtering
14:15–15:00 – Handel med EU, held fram
15:10–16:00 – INCOTERMS, kontrakt og tilrådingar for dagens handelssituasjon

Informasjonsmøte om kurset: 

Teams: 25.09.25 kl 09:00 - 09:30 - for påmelding til informasjonsmøte, send ein epost til ida@inviro.no 

*I informasjonsmøta (maks 30 min) presenterer kurshaldar innhaldet i kurset og svarar på spørsmål. Dette gir dykk høve til raskt å vurdere om kurset er relevant for dykk. Påmelding til informasjonsmøte finn du lenger nede under informasjon om kurset.

 

Om Martin


Martin Berntzen Often hjelper deg med utfordringer innen avgift og logistikk. Her dekker han rådgivning og tvistesaker innen merverdiavgift, tollavgifter, og særavgifter, samt problemstillinger knyttet til transport, handel og internasjonale handelsrestriksjoner. I tillegg har Martin god erfaring med compliance og internkontroll, særlig innen avgift, regnskap og handel.

Han har tidligere erfaring fra NHO Logistikk og Transport, Universitetet i Oslo, Skatteetaten og Tolletaten.

Martin brenner for faget, og har vært en tydelig stemme i reformarbeidet med myndigheten, og den øvrige utviklingen på toll- og handelsområdet. Han har blant annet organisert fagmøter med Tolletaten og næringslivet over hele landet, og har vært konsulent på den nye fagboken om toll; Innføring i tollavgift og vareførsel.
Martin holder jevnlig foredrag om merverdiavgift, handel, restriksjoner, og toll (bull.no)

Kvifor delta?

  • Få ei tydeleg oversikt over gjeldande regelverk og prosessar
  • Lær praktiske grep som kan spare verksemda for tid og kostnader
  • Oppdater deg på politiske endringar som påverkar toll og handel
  • Still spørsmål direkte til ein erfaren advokat med toll som spesialfelt

Praktisk informasjon

  • Tid: 2. oktober, 09:00–16:00
  • Stad: Nordfjord Hotel
  • Pris, halv dag: 3500,-
  • Pris, heil dag: 5900,-

Påmeldingsfrist: 25.09.25  (Ved avbestilling etter 25.09.2025 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Vi tilrår å sikre deg plass tidleg – dette er eit kurs som både nybyrjarar og erfarne deltakarar får stort utbyte av.
Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til ein dag full av nyttig kunnskap og gode diskusjonar!

Har du spørsmål? Ta kontakt med Ida@inviro.no 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
14.08.2025

Scroll top

Opp