Korleis ville kvardagen din sett ut om du fekk kontroll på tida – i staden for at tida kontrollerer deg?
28.10.2025
09:00 - 16:00
Nordfjord Hotel (kan bli endring av lokasjon)
Få kontroll på tida di – kurs i tidsstyring på Nordfjordeid
Bli med på eit inspirerande kurs i tidsstyring med Trude Emaus frå Karrierehuset. Inviro arrangerer kurset 28. oktober 2025, og du får praktiske verktøy for å skape struktur, redusere tidstjuvar og oppnå betre balanse i ein travel kvardag.
Inviro inviterer til kurs i tidsstyring på Nordfjordeid den 28. oktober 2025. Kurset blir leia av Trude Emanus frå Karrierehuset, som har lang erfaring med rådgjeving innan karriereutvikling og effektiv tidsbruk.
Tidsstyring handlar i stor grad om åtferd – kva vi gjer, og korleis vi gjer det. For å oppnå betre kontroll over eigen kvardag krevst det ofte justeringar i vanar og handlingsmønster. Dette kurset er relevant både for leiarar og medarbeidarar som opplever at arbeidsdagane er prega av mange oppgåver samtidig, og som ønskjer betre oversikt, struktur og balanse.
Gjennom kurset får deltakarane konkrete verktøy og innsikt i korleis ein kan:
• Identifisere og redusere tidstjuvar
• Planleggje arbeidsoppgåver slik at viktige ting ikkje fell bort
• Skape betre struktur og arbeidsflyt i ein hektisk kvardag
• Bruke teknikkar som styrkjer sjølvdisiplin, viljestyrke og meistring
• Forstå korleis stress påverkar arbeidsevna – både positivt og negativt
• Utvikle metodar for betre prioritering og delegering
I tillegg blir det gjennomført ein åtferdsanalyse som gir kvar deltakar innsikt i eigne mønster og vanar som påverkar tidsbruken. Denne kunnskapen gjer det enklare å finne dei rette grepa for betre effektivitet, kontroll og balanse – både på jobb og privat.
Kurset passar for alle som ønskjer å handtere ein travel arbeidskvardag på ein meir strukturert og berekraftig måte.
Informasjonsmøte om kurset:
Teams: 07.10.25 kl 09:00 - 09:30 - for påmelding til informasjonsmøte, send ein epost til ida@inviro.no
*I informasjonsmøta (maks 30 min) presenterer kurshaldar innhaldet i kurset og svarar på spørsmål. Dette gir dykk høve til raskt å vurdere om kurset er relevant for dykk. Påmelding til informasjonsmøte finn du lenger nede under informasjon om kurset.
Praktisk informasjon:
Stad: Nordfjord hotel
Kl: 09:00 – 16:00
Pris: 5650,- pr. Pers.
Påmeldingsfrist 21.10.25 (Ved avbestilling etter 21.09.2025 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Sist oppdatert:
21.08.2025
Opp