Med over 40 deltkarar på forrige TechPub, gjentek vi no suksessen.
12.11.2026
17:30 - 19:45
Magnifikk
TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er utviklar, gründer, student, leiar, IT-ansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda.
TECH-pub har blitt arrangert fem gongar i Nordfjord, med snitt 40 deltakarar pr samling.
Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar.
Program:
17:30 - 18:00 Mingling med “tech-prat-start”
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft Tech Community og Anne Mette Hjelle, IT-forum Vest
18:05 - 18:35 Mats Andersson, Chief Commercial Officer i Lefdal Mine, Lefdal Mine Data Centers – Regional verdiskaping og bygging av kompetanse
18:40 - 19:10 Pause og Pizza
19:10 - 19:35 Karoline Førde Oppheim: Produktutvikling med Karoline. Frå ide til verdi, og feila eg ikkje har tenkt å gjenta
19:35 - 20:05 Mats Haugland, Eid vgs. Skaparglede og nytt innan 3D-printing og mikrokontrollerar
20:05 - 20:20 “Rundt bordet”-samtalar om kva dette betyr for oss i Nordfjord
20.20 - Mingling og prat rundt bordet
Arrangementet er gratis og TechPub fortsett etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.
Arrangørane er IT-Forum Vest - og vi i Inviro er så heldige at vi får vere med som samarbeidspartner.
Då vi treng å vite sånn ca. kor mange som kjem mtp pizza, er det supert om du melder deg på ved lenka under.
Lefdal Mine sponsar Pizza på alle :)
Vi gler oss til å sjå deg!
Sist oppdatert:
09.09.2025
Opp