Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

TechPub for Nordfjord

Med over 40 deltkarar på forrige TechPub, gjentek vi no suksessen.

02.10.2025

17:30 - 19:45

Magnifikk

TechPub er ein uformell møteplass for alle som er interessert i teknologi – enten du er gründer, student, leiar, ITansvarleg eller berre nysgjerrig på kva som rører seg i den digitale verda. 

Her kan du møte likesinna, dele idéar, bli inspirert og kanskje til og med finne nye samarbeidspartnarar.
Det blir korte faginnlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar.

TechPub held fram etter fagprogrammet, slik at du kan henge med andre techinteresserte i Nordfjord.

Program:
17:30 - 18:00 Mat og mingling.
18:00 - 18:05 Velkomen v/Merethe Stave, senior cloud architect i CloudWay / Norwegian Microsoft 365 Community og Anne Mette Hjelle/IT-forum Vest
18:05 - 18:30 Fysisk KI. Peder Smart Sefland, CEO BrAInXR Company
18:30 - 18:50 Pause og Pizza
18:50 - 19.10 Digital nattevakt og helseteknologi v/Hilde Barmen, rådgjevar helseteknologi i Stad kommune
19:15 - 19:45 Sofaprat, open mikrofon/spørsmålsrunde, oppsummering
19:45 - Mingling og prat rundt bordet

Då vi treng å vite sånn ca. kor mange som kjem mtp pizza, er det supert om du melder deg på ved lenka under.

Vi gler oss til å sjå deg!

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
09.09.2025

Scroll top

Opp