Vil du lære å leggje eit tak som både beskyttar huset og produserer straum? Då bør du melde deg på Skarpnes sin sol- og takskule, eit gratis kurstilbod til elektrikarar, v.g.s elevar, tømrarar, prosjektleierar/dagleg leiar, konsulentar, byggevareleverandørar, brannfolk o.l. som vil bli ekspertar på bygningsintegrert solcelle (BIPV) frå Skarpnes.
29.04.2025
09:00 - 16:00
Eid Vidaregåande skule
På Skarpnes sin sol- og takskule får du teoretisk og praktisk opplæring i korleis du legg Ovati og Vatio BIPV på ein trygg og effektiv måte. Du lærer om systemet, teknologien, installasjonen og vedlikehaldet av solcelletaket i tillegg til nasjonale forskrifter.
Når du har gjennomført kurset, blir du ein Skarpnes sol-partner og får moglegheit til å legge våre BIPV-produkt. Meld deg på Skarpnes sin sol- og takskule!
Sertifiseringa er personleg, og det blir tilrådd at utførande og prosjektleiar stiller saman. Tømrar og elektrikar bør stille saman på kurs.
Program:
Bedriftene som deltar på kurset blir ein Skarpnes sol-partnar og får moglegheita til å leggje BIPV-produkta til Skarpnes.
Skarpnes- vinner av solenergiprisen 2025 : https://fornybarutvikling.no/vinnere-av-solenergiprisen-2025/
Sist oppdatert:
20.01.2025
Opp