NordfjordTreffet, Nordfjords største nettverks- og rekrutteringsmesse, blir i 2026 arrangert i Svelgen idrettshus i Bremanger kommune. NordfjordTreffet blir nok ein gong ein dag full av aktivitetar både for gjestar aktørar som har stands! Vi gleda oss!
31.03.2026
18:00 - 20:30
Svelgen Samfunnshus / Svelgen idrettshus
Vi kan no med stor glede invitere til NordfjordTreffet 2026, ein heilskapleg møteplass for næringslivet, offentlege aktørar, kompetansemiljø og innbyggjarar i Nordfjord! Årets treff vert arrangert i Bremanger og Svelgen, og byr på eit innhaldsrikt og spanande program for både verksemder, samarbeidspartnarar og publikum.
Foredraget med Dag Otto Lauritzen vart fullbooka 28.03.26 kl . 21:08, så er dessverre ikkje mogleg å melde seg på dette lenger.
Men du er naturlegvis hjartleg velkomen til å delta på NordfjordTreffet i Svelgen Idrettshus frå kl 18:00 - 20:30. Her er absolutt ALLE hjartleleg velkomne.
PÅMELDING GJEST (Gratis for gjestar å delta)
PÅMELDING STANDS (pris pr stand 7900,-)
Programoversikt
kl. 12:00–16:30: Nettverk Nordfjord (Svelgen Samfunnshus)
Ein fagleg og sosial arena for næringslivet, med:
kl. 16:30–17:30: Inspirasjonsforedrag og prisutdeling (Svelgen samfunnshus) FULLBOOKA (oppdatert 28.03.26 kl. 21:08)
kl. 18:00–20:30 NordfjordTreffet – (Svelgen idrettshus)
Dag Otto Lauritzen til NordfjordTreffet

"Alt er mogleg" med Dag Otto Lauritzen
Under NordfjordTreffet 2026 får vi besøk av Dag Otto Lauritzen, ein av Noregs mest folkekjære formidlarar og kjent frå mellom anna Kompani Lauritzen. Dag Otto byr på eit inspirerande og engasjerande foredrag som handlar om vilje, innstilling og evna til å møte motgang.
Med utgangspunkt i eigne erfaringar frå toppidrett, alvorleg skade og eit langt liv i prestasjonsprega miljø, deler han sterke historier om korleis ein kan snu utfordringar til moglegheiter.
Foredraget tek mellom anna for seg betydninga av fokus, ansvar, lagarbeid og det å aldri gi opp – tema som er like relevante i arbeidslivet som i kvardagen elles.
Dag Otto formidlar med varme, humor og tydeleg bodskap, og treffer eit breitt publikum på tvers av alder og bakgrunn. Perfekt for deg som vil hente inspirasjon til arbeid, leiarskap og vidare satsingar i regionen
Foredraget er gratis og ope for alle (førstemann til mølla- 300 plassar), og inngår i programmet kl. 16:30–17:30 før utdeling av Nordfjordprisane.
PÅMELDING GJEST (Gratis for gjestar å delta)
PÅMELDING STANDS (pris pr stand 7900,-)
NB: Det er "Førstemann til mølla prinsippet" som gjeld til foredraget med Dag Otto Lauritzen (300 plassar). Dersom det er fullt, blir den påmeldinga fjerna frå påmeldingsskjemaet.
Tusen takk til våre hovudsponsorar som mogleggjer at vi kan arrangere NordfjordTreffet:
Sparebank1 Sogn og Fjordane - Sparebanken Norge
Og ikkje minst til Coast Seafood som bidreg med råvarer til NordfjordTreffet og Elkem Bremanger som bidreg til at vi kan hente inn Dag Otto
Ta kontakt med Inviro om du har nokre spørsmål.
Sist oppdatert:
14.11.2024
Opp