Når det vert for mykje av det gode. Kvifor er det så vanskeleg å seie nei?
27.11.2025
09:00 - 15:00
Sophus Lie-vegen 1, 6770 Nordfjordeid ("Gymmen")
Utvikling, refleksjon og inspirasjon for leiarar i endring
Etter ei svært vellukka kursrekke i 2024/2025, med heile 4,7 av 5 stjerner i deltakar-evalueringa på gjennomføringa i fjor, kjem leiarutvikling i fjorden tilbake med ny kursrekke og oppdatert innhald.
I vår region er det eit tydeleg behov for å styrkje kompetansen både hos erfarne leiarar og dei som er nye i rolla. Arbeidslivet er i rask utvikling – og leiarrolla følgjer med. Krava til å handtere endringar, motivere medarbeidarar og skape gode arbeidsmiljø aukar.
Gjennom fem samlingar tek organisasjonspsykolog og leiar Sindre Storvoll deg med inn i sentrale og krevjande tema for leiarar. Du får konkrete verktøy, rom for refleksjon og nyttige diskusjonar med andre leiarar frå regionen – alt i ein trygg og dynamisk ramme med maks 20 deltakarar per kurs.
Gjennom eit kursprogram i fem delar, vil leiar og spesialist i organisasjonspsykologi, Sindre Storvoll, utforske sentrale og krevjande tema for leiarrolla. Storvoll si tilnærming handlar om å utfordre, utvikle og utruste leiarar.

Sindre Storvoll er fødd nysgjerrig, trur menneske er skapte verdifulle, og drivast av å betre tilværa til andre. Psykologspesialisten har brei erfaring innan organisasjon, leiing og bedriftshelse i dei fleste psykososiale og organisatoriske sjatteringar. I kvardagen rettleier, underviser og støttar han leiarar og medarbeidarar, individ og grupper. Med tastaturet eller på scena er det ingen ulempe å være utdanna journalist og medievitar frå før. Nordlendingen flytta til Sandane med familien sin i 2022.
27. november – Stress
Når det vert for mykje av det gode. Kvifor er det så vanskeleg å seie nei?
29. januar – Konflikt
Handtering og førebygging av uønska hendingar. Kor går grensa for kva som er akseptabelt?
12. mars – Arbeidsmiljø
Ein balansekuns for leiarar. Kva gjer faktisk arbeidsmiljøet godt?
21. mai – Leiarrolla
Korleis og kvifor du leiar. Kven er du som leiar – eigentleg?
Gjennomført:
23. oktober – Kommunikasjon - I gode og vonde arbeidsdagar. Korleis veit du at ein medarbeidar slit?
Påmeldingsfrist er ei veke før alle oppsette kursa. Eksempelvis 16.10.25 for kurset 23.10.25 (Ved avbestilling etter vekesfristen, fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Sist oppdatert:
18.07.2024
Opp