Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Leiarutvikling i fjorden - kursdel 5/5 (15.05.25): "Leiarrolla - Korleis og kvifor du leiar - Kven er du som leiar - eigentleg?"

Inviro og Stryn NH i samarbeid med leiar og organisasjonspsykolog Sindre Storvoll invitera til eit kursprogram over fem delar der Sindre og deltakarane vil utforske sentrale og krevjande tema for leiarrolla.

15.05.2025

09:00 - 15:00

Sophus Lie-vegen 1, 6770 Nordfjordeid ("Gymmen")

Bakgrunn

Arbeidslivet og dermed leiarrolla er i kontinuerleg endring. Fast står behovet for å utvikle seg som leiar. Og i Nordfjord opplever vi stor etterspurnad etter kompetanseheving, både blant erfarne og ferske leiarar.

Sagt om kurset:

  • "Nyttig med refleksjon av egen hverdag og stressfaktorer og nyttige verktøy for å håndtere stress i hverdagen"
  • "Innsiktsfullt, utvida innhold til mykje brukte omgrep, godt med tydeleg kommunikasjon kring omsorg for mennesket som har leiarrolle"
  • "Fint med erfaringsutveksling, bevisstgjering på ulikheter og styrker/egenskapar som leiar"
  • "Behagelig måte å formidle på. Likte at du var "nede på gulvet" sammen med oss både fysisk og i dialogen"
  • "God formidlar, brukar gode døme, og bra med litt humor"
  • "Veldig lett å lytte når han snakka, han får med seg publikum"

Gjennom eit kursprogram i fem delar, vil leiar og spesialist i organisasjonspsykologi, Sindre Storvoll, utforske sentrale og krevjande tema for leiarrolla. Storvoll si tilnærming handlar om å utfordre, utvikle og utruste leiarar.

Om Sindre

Sindre Storvoll er fødd nysgjerrig, trur menneske er skapte verdifulle, og drivast av å betre tilværa til andre. Psykologspesialisten har brei erfaring innan organisasjon, leiing og bedriftshelse i dei fleste psykososiale og organisatoriske sjatteringar. I kvardagen rettleier, underviser og støttar han leiarar og medarbeidarar, individ og grupper. Med tastaturet eller på scena er det ingen ulempe å være utdanna journalist og medievitar frå før. Nordlendingen flytta til Sandane med familien sin i 2022.

Kursprogram

  • 15.05.25: LEIARROLLA - KORLEIS OG KVIFOR DU LEIAR - Kven er du som leiar - eigentleg?

Gjennomført:

  • 21.10.24: KOMMUNIKASJON - I GODE OG VONDE ARBEIDSDAGAR - Korleis veit du at ein medarbeidar slit?
  • 28.11.24: STRESS - NÅR DET VERT FOR MYKJE AV DET GODE - Kvifor er det vanskeleg å seie nei?
  • 13.03.25: ARBEIDSMILJØ - EIN BALANSEKUNST FOR LEIARAR - Kva gjer faktisk arbeidsmiljøet godt?
  • 10.04.25: KONFLIKT - HANDTERING OG FOREBYGGING AV UØNSKA HENDINGAR - Kor går grensa for kva som er akseptabelt?

Ein kan melde seg på fleire kurs, eller berre eit, og det er heller ikkje eit krav/behov at ein har delteke på dei føregåande kursdelane.

Kursa vil finne stad frå kl. 09:00 til 15:00 på dei tre komande datoane i "Gymmen"på Nordfjordeid ved Operahuset Nordfjord / Eid Vidaregåande skule

For å sikre ei trygg og dynamisk setting, er det ei avgrensing på 20 deltakarar per kurs, og vi anbefalar også bedrifter å stille med to personar frå kvar bedrift.

Påmeldingsfrist er ei veke før det komande arrangementer (08.05.25 for det komande og siste kurset). 

(Ved avbestilling etter påmeldingsfrist fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Det er «først til mølla»-prinsippet som gjeld. 

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
18.07.2024

Scroll top

Opp