Inviro og Stryn NH i samarbeid med leiar og organisasjonspsykolog Sindre Storvoll invitera til eit kursprogram over fem delar der Sindre og deltakarane vil utforske sentrale og krevjande tema for leiarrolla.
21.10.2024
09:00 - 15:00
Sophus Lie-vegen 1, 6770 Nordfjordeid ("Gymmen")
Fotograf: Ingar Sørensen
Arbeidslivet og dermed leiarrolla er i kontinuerleg endring. Fast står behovet for å utvikle seg som leiar. Og i Nordfjord opplever vi stor etterspurnad etter kompetanseheving, både blant erfarne og ferske leiarar.
Gjennom eit kursprogram i fem delar, vil leiar og spesialist i organisasjonspsykologi, Sindre Storvoll, utforske sentrale og krevjande tema for leiarrolla. Storvoll si tilnærming handlar om å utfordre, utvikle og utruste leiarar.
Sindre Storvoll er fødd nysgjerrig, trur menneske er skapte verdifulle, og drivast av å betre tilværa til andre. Psykologspesialisten har brei erfaring innan organisasjon, leiing og bedriftshelse i dei fleste psykososiale og organisatoriske sjatteringar. I kvardagen rettleier, underviser og støttar han leiarar og medarbeidarar, individ og grupper. Med tastaturet eller på scena er det ingen ulempe å være utdanna journalist og medievitar frå før. Nordlendingen flytta til Sandane med familien sin i 2022.
Gjennomført:
Det er tilrådd å melde seg på heile kursrekka, men det er også mogleg å delta på enkeltdagar.
Kursa vil finne stad frå kl. 09:00 til 15:00 på dei fire datoane i "Gymmen"på Nordfjordeid ved Operahuset Nordfjord / Eid Vidaregåande skule
For å sikre ei trygg og dynamisk setting, er det ei avgrensing på 20 deltakarar per kurs, og vi anbefalar også bedrifter å stille med to personar frå kvar bedrift.
Påmeldingsfrist 21.11.24 for dei fire resterande kursa (Heile pakken - 10% rabatt) eller for kursprogrammet "Stress" 28.11.24. ((Ved avbestilling etter 21.11.2024 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)
Det er «først til mølla»-prinsippet som gjeld.
Sist oppdatert:
18.07.2024
Opp