25.02.2026
13:00
15:30
I dette kurset får du praktiske tips og enkle verktøy for å lage gode presentasjonar i PowerPoint og for å gjennomføre sjølve framføringa på ein trygg og engasjerande måte.
Kurset tek for seg:
• Korleis du byggjer opp ein presentasjon med tydeleg bodskap og struktur
• Bruk av bilete, fargar og grafiske element for å forsterke innhaldet
• Korleis du unngår dei vanlege PowerPoint-fellene
• Retoriske verkemiddel og kroppsspråk i presentasjonssituasjonar
Læringsutbytte:
Etter kurset vil du sitje att med nyttige råd og inspirasjon til å lage presentasjonar som treff, engasjerer og blir hugsa, samtidig som du lærer korleis du kan handtere nervøsitet og spørsmål frå salen på ein trygg måte.

Om kurshaldar:
Kari Eldby Rygg har mastergrad i spesialpedagogikk og har vore studiesenterleiar sidan oppstarten av StudieHub i 2023. Ho har ein solid bakgrunn frå utdanningssektoren, med brei erfaring frå undervisning, leiing og fagutvikling i grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning.
Gjennom mange år som lærar og formidlar har Kari utvikla eit særleg engasjement for korleis ein når fram med bodskap - både i klasserom og i offentlege samanhengar.
Kari er opptatt av korleis ein kan bruke struktur, aktive læringsformar, teknologi, språk, bilete og kroppsspråk til å skape formidling som verkeleg treff.
Kari har allereie gjennomført kurset for over 30 deltakarar i Molde med svært gode tilbakemeldingar.
Praktisk informasjon:
Sist oppdatert:
02.12.2025
Opp