Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

Kurs i krisehandtering og stabsarbeid med DSB-kurssenter

I samarbeid med DSB Kurssenteret arrangerer Inviro eit todagars kurs i krisehandtering og stabsarbeid.

19.01.2026

09:00 - 15.30 (begge dagar)

Nordfjord Hotell

Om kurset
I samarbeid med DSB Kurssenteret arrangerer Inviro eit todagars kurs i krisehandtering og stabsarbeid. 

Kurset gir deg kompetanse til å handtere uønskte hendingar og kriser på ein strukturert og effektiv måte – frå førebuing og organisering til handtering og oppfølging.
Gjennom faglege innlegg, gruppearbeid og realistiske caseøvingar får deltakarane både praktisk erfaring og innsikt i korleis proaktivt stabsarbeid styrkjer beredskapen i verksemda.

Innhald

Dag 1 – Beredskapskompetanse og planverk
Fokus på organisering av kriseleiing, planverk, roller og beslutningstaking under stress. Diskusjonar og refleksjonar rundt eiga verksemd si beredskap.

  • 09:00 - 09:45 Velkommen til kurs og morgenrefleksjon
  • 10:00 - 10:30 Om organisering: Hva må være på plass for å håndtere en krise?
  • 10:35 - 11:15 Erfaringsdeling: Hva er status quo for vårt beredskapsplanverk og arbeid - og hva er min funksjon?
  • 11:15 - 1215 LUNSJ
  • 1215 - 12:45 Industrivern - roller og ansvar v/ Espen Jensen, DSB
  • 12:50 - 13:10 Samhandling med Nødnett v/Øyvind Hagen Karlsen, Nød- og beredskapskommunikasjon (NBK, Nødnett)
  • 13:15 - 13:45 Beredskapskompetanse og beslutningstaking under stress
  • 14:00 - 14:30 Introduksjon til proaktiv holdning og handling - før, under og etter kriser
  • 14:45 - 15:15 Stabsarbeid i praksis: Hva kan skje?
  • 15:15 - 15:30 Oppsummering 

 

Dag 2 – Proaktiv metodikk og praktisk trening
Øvingar og caseoppgåver som simulerer ein krisesituasjon, med vekt på samarbeid, aksjonar og evaluering.

  • 09:00 - 09:10 Velkommen til dag 2
  • 09:10 - 10:00 Gruppeoppgave med case 1 del 1 Hva kan skje?
  • 10:15 - 10:30 Stabsarbeid i praksis, forts.: Hva nå?
  • 10:30 - 11:15 Gruppeoppgave med case 1 del 2, forts.: Fokusområder og aksjoner
  • 11:15 - 1215 LUNSJ
  • 1215 - 12:45 Fellessamling: Hvordan gikk det?
  • 12:50 - 14:00 Øvelsescase 2 m/refleksjon: Kriseledelse, med nytt case
  • 14:15 - 15:00 "Krisen er over – hva nå?"
  • 15:15 - 15:30 Avslutning: Hva har vi lært? 

Førebuingar (valfritt)
Deltakarar vert tilrådde å:
•    Gjere seg kjende med eiga beredskapsplan og vurdere om ho er tydeleg og brukarvennleg.
•    Reflektere over kva samfunnstryggleiksprinsippa betyr for eiga verksemd.
•    Lytte til podkasten Ugradert – kort forklart frå Forsvarets forskingsinstitutt om totalforsvaret.

Kven passar kurset for?
Kurset er retta mot personar som har – eller kjem til å få – ei rolle i beredskap og krisehandtering. Det passar både for offentleg og privat sektor, og krev ingen spesielle forkunnskapar.

Om DSB Kurssenteret
DSB Kurssenteret er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Dei tilbyr kurs, øvingar og fagleg støtte til offentlege, private og frivillige aktørar over heile landet. 

Kurssenteret er ein nasjonal kompetanseaktør innan beredskap, krisehandtering og øvingsmetodikk, med særleg vekt på praktisk læring og samarbeid.

Praktisk informasjon

  • Dato: 19. - 20. Januar 2026
  • Tid: 09:00 – 15:30 (begge dagar)
  • Stad: Nordfjordeid
  • Pris: 5299,- (Early Bird til 20.11.25)
  • Pris: 5999,- (etter 20.11.25)

Utvida påmeldingsfrist til 16.01.26  (Ved avbestilling etter 09.01.2026 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Maks deltakarar: 100.

Spørsmål? Ta kontakt med Ida - Ida@inviro.no

 

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
24.10.2025

Scroll top

Opp