Kurs i AI: Data og maskinlæring. Nøkkelen til grøn vekst og smartare beslutningar
23.09.2025
09:00 - 14:45
Comfort Hotel Victoria, Florø
Aksello, i samarbeid med EDIH Oceanopolis, Norce og Inviro, inviterer til kurs i AI.
23. september tilbyr vi to praktiske kurs i Florø for deg som vil bruke data og AI til å skapa innsikt, innovasjon og framtidig konkurransekraft.
Maskinlæring og data er ikkje berre for store teknologiselskap – det kan gi små og mellomstore bedrifter eit konkurransefortrinn i ei datadriven verd. Men korleis tek du det i bruk?
Bli med på kursa og få innsikt frå mellom anna ekspertar i Norce, og lær korleis di bedrift kan ha nytte av denne teknologien! Dette er ei unik moglegheit til å forstå korleis maskinlæring og data kan skape verdi i di verksemd – og korleis EDIH Oceanopolis kan hjelpe deg vidare.
Denne digitaliseringsfagdagen består av to uavhengige kurs, der du kan delta på eitt eller begge – alt etter kva som passar best for deg og verksemda di. Det vert servert kaffi, møtemat og lunsj.
Program
09:00-11:30: Kurs 1: MASKINLÆRING I PRAKSIS
Eit praktisk kurs som viser korleis maskinlæring kan gi betre beslutningar, også for deg utan teknisk bakgrunn. Kurset gir også ein introduksjon til korleis ein kan trena ein KI-modell til å kjenna igjen bilete.
11:30-12:15: Lunsj
12:15-14:45: Kurs 2: VERDIEN AV DATA
Eit introduksjonskurs om korleis data kan skape verdi og bidra til grøn omstilling.
Prisar
EDIH Oceanopolis får støtte frå EU til å gjennomføre kursa, og vi kan derfor tilby dei til ein sterkt redusert pris. Kursa er opne for alle. Merk at dersom du ikkje avbestiller innan fristen, må vi fakturere 795,- for manglande oppmøte.
Frist for på- og avmelding: 15. september
Om arrangementet
Arrangementet er utviklet av Digital Innovation Hub Oceanopolis AS innenfor DIGITAL Europe-programmet som en del av «European Digital Innovation Hub Oceanopolis».
Arrangementet er finansiert av den Europeiske Union, Innovasjon Norge og Vestland Fylke.
Sist oppdatert:
24.08.2025
Opp