Bilete av ein telefon Bilete av eit brev Bilete av Facebooklogo

INCOTERMS 2020 og kontrakt i internasjonal handel

Leveringsvilkår er ein fundamental og avgjerande del av kvar kontrakt om kjøp og sal av varer. Samstundes har vi i Noreg eit lemfeldig forhold til kva for INCOTERMS vi brukar.

19.02.2026

09:00 - 16:00

Stokkenes Gjestegard (Nordfjordeid)

Ofte brukar ein dei ein alltid har brukt, eller godtek kontraktspartens forslag utan nærare vurdering. I dagens usikre verdsbilete er feil bruk av INCOTERMS, og svake kontraktar, ein betydeleg risiko. Det er heilt avgjerande å ha kontroll.

Dette kurset vil gje ein grundig gjennomgang av INCOTERMS, med relevante døme. 

De skal sjå på leveringsvilkåra isolert sett og analysere nyansane mellom dei ulike INCOTERMS.

Vidare skal de gå inn i korleis de brukar dei som del av kontraktar, og korleis best å strukturere denne synergien. 

Det er ikkje mogleg å unngå all risiko, og det er heller ikkje alltid ønskjeleg å gjere det, men det er svært viktig å ha ei god forståing for den risikoen og det ansvaret ein påtek seg. 

 

Om kurshaldar:

Martin Berntzen Often gjennomførte hausten 2025 tollkurs på Nordfjordeid med svært gode tilbakemeldingar, og vil denne gangen ta for seg Incoterms. 

 

Martin Berntzen Often har lang røynsle med avgift, toll og internasjonal handel, og har gjennom arbeid i Skatteetaten, Tolletaten, NHO Logistikk og Transport og ved Universitetet i Oslo opparbeidd seg brei innsikt i korleis regelverk og praksis verkar i møte med næringslivet.

Som kurshaldar på INCOTERMS-kurset vil Martin gi deltakarane ei grundig innføring i leveringsvilkåra, vise korleis dei kan nyttast i kontraktar og analysere nyansane mellom dei ulike INCOTERMS. Han er kjend for å gjere kompliserte tema forståelege og relevante, og deltakarane får praktisk innsikt som kan nyttast direkte i arbeidshverdagen.

Med fagleg tyngde kombinert med engasjerande formidling gir Martin deg verktøy til å forstå risiko og ansvar i internasjonal handel – og til å bruke INCOTERMS på ein måte som styrkar både tryggleik og effektivitet i verksemda di. 

Info-møte: Dersom du har spesifikke spørsmål, eller ønskjer å høyre meir om innhaldet i kurset, har vi satt opp eit kort teams-møte tysdag 27.01.26 kl. 09:00-09:30. Her vil Martin presentere innhaldet i kurset og svare på spørsmål.

Ønskjer du å delta på dette informasjons- teamsmøte, sender du ein epost til: Ida@inviro.no

Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til ein dag full av nyttig kunnskap og gode diskusjonar!   

Pris: 4950,- per person 

Påmeldingsfrist: 20.01.26  (Ved avbestilling etter 20.01.2026 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Spørsmål? Ta kontakt med Ida@inviro.no / 924 85 824

Forfattar:
Øystein Nes

Sist oppdatert:
15.12.2025

Scroll top

Opp